søndag 17. mars 2013

Rekonvalesent


Set heime i sofaen for tida for å kome meg etter ein plastisk operasjon på magen. Tatt vekk overflødig hud etter kraftig vektnedgong. De kan lese om fedmeoperasjonen på bloggen min HER.
Nokon vil vel tru at eg har valgt enkle vegar for å nå målet om den perfekte figur, men slik er det ikkje. Eg har no runda 50 år og og i nesten halvparten av livet mitt fram til 45 let eg kroppen min forfalle. Det enda med ei livsfarleg overvekt som gav meg mange tilleggslidingar som snart kunne gjere ende på meg. 
Det var eg sjølv som måtte ta tak og det hasta. Difor valde eg operasjonen i 2010 og har sidan 2008 kjempa for å  forlenge livet mitt. Eg har klart det. 
Den negative konsekvensen vart huda som vart til overs. Sjølv er eg ikkje så ille plaga av det, med unntak av at under "henget" vart det fuktig, sårt og lett for å danne seg sopp og infeksjonar. Passa eg ikkje på å halde det tørt og reint blei det for smertefull og ubehageleg. Difor søkte eg om hjelp til å få vekk "henget" og fekk det innvilga med støtte frå det offentlege. Eg er veldig takknemlig samtidig som eg veit at dette har eg jobba for og fortener at kvaliteten på kvardagen og livet har auka. Om ikkje figuren min nokon gong vert perfekt sidan eg endå har noko overfødig hud her og der så trur eg livet mitt nærmar seg det perfekte for meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar