søndag 15. mars 2015

Magisk musikalsk augneblink

Der stod han framføre meg med sin raude gitar og song seg inn i hjarta mitt.
Orda flaumde som nordlysflammar inn i mellom tonane og stemma hans bar raspande og sår i mot meg. Undrande let eg meg drage inn i det mørke biletet han teikna og kjenner meg att i eit skymt landskap som legger seg rundt meg som ei kappe. Ei varm kappe farga med nattehimmelen sitt blåsvarte lys og stjerner som blinkar i stilla. Noko klemmer om brystet mitt å gjer det vanskeleg å pusta. Det er angsten som kjem. Angsten for at dette magiske augneblinket skal ta slutt og kvardagen slå meg i magen. Eg held fast men må sleppe taket, late opp auga og sjå at vi er her i eit rom i eit hus med vegger og tak. Det er andre mennesker rundt som tek plass mellom meg og mi makelause musikalske oppleving. Det er kaldt ute i natta, men eg kjenner det ikkje for eg er kledd i ei varm blåsvart kappe. Den tek eg med meg for å ta den fram når eg kjenner at eg trenger å flykte inn i eit skymt landskap for å kjenne varmen og dette augneblinket ein gong til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar