tag:blogger.com,1999:blog-11942211368442286532024-03-05T11:58:48.907+01:00AugneblinkEin lillabloggar sine kvardagsgleder og sorger i overgangenAnonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.comBlogger54125tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-66075039198553848962018-01-03T17:09:00.001+01:002018-01-03T17:09:53.591+01:00Glidande over i nytt årNytt år. Ny syklus. Overgangen går saumlaus inn i den absolutt kalde delen av året. Skroget knirkar av stive musklar og ledd som protesterar på dette. Det absolutt beste er roligheita under eit godt og varmt pledd. Er i dvalemodus og let verda utafor flyte forbi utan at eg gjer noko får å sige med. Eg henger etter og tenkjer at det er tidsnok å hive seg på når vær, føre og form er blitt betre. Framleis under ei evig utredning for å finne ut kva som gjer til at kroppen min reagerer med forhøga verdiar på kalprotektin og låge verdiar i jernlageret. Mage og tarm er undersøkt. Refluks, mellomgolvsbrokk og kronisk magekatarr. Ikkje funn i tarmane etter undersøkingane. Venter og ser. Utmatta og nett no rimeleg lei av å vere i dårleg form. Jobbar kvar dag med å finne motivasjon til å komme meg i bassenget og trening igjen. Det er eit slit.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-18476875862191660132017-06-15T19:21:00.000+02:002017-06-15T19:21:27.766+02:00Å søke om uføretrygd er litt skummeltI dag har eg vore i samtale med sakshandsamaren min på NAV. Det i seg sjølv er heilt ufarleg. Vi har hatt ein fin dialog og ho har følgt meg på vegen med utprøvingar, tilbakefall og sett at eg har sette meg opp på hesten igjen. Konklusjonen etter ei kort oppsummering av dei siste fire åra på aap (arbeidsavklaringspengar) er kort og greitt at det er tid for å søke om uføretrygd. Ikkje fordi at eg manglar kompetanse og kunnskap til å gjere ein god jobb, men rett og slett for at helsa ikkje held i arbeidslivet. Og det er sant. Slik er det. Eg har prøvd nok, slete nok og sett at dette er løysinga.

Kjenner at eg er litt letta for at eg har full støtte både frå NAV sin representant og fastlegen. Samstundes kjenner eg litt på det skumle som no skjer. Alltid litt skummelt når livet tar ein sving og byter retning mot noko nytt. Jaja, nytt og nytt. Eg har vel eigentleg god trening til å fylle dagane mine med passelig aktivitet og kvile. Det skal ikkje bli ein kvardag i sofaen eller stolen. Dagane skal fyllast med gode aktivitetar. Eg kan så mykje og har så mange ting eg kan gjere på: Strikke, lese, trene styrke, mosjonere, svømme, fotografere og spele golf. Putlar også med å finne ut av søm og lappeteknikk. Så er det å halde fram med å få med seg kulturelle augneblink som litteraturkveldar, strikkekafè, konsertar og teater. Livet ligger framfor meg sjølv om eg innan ei viss tid får uføretrygd og honnørkort.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-42892044155185908482017-04-24T16:13:00.000+02:002017-04-24T16:13:14.483+02:00Golf som trening og motivasjonEg vil berre nemne at eg gjekk på golfkurs i fjor vår for å sjå om dette kunne vere eit alternativ for meg når det gjelder mosjon og vedlikehald av kroppen. Forbausande nok fann eg ut at eg kan like denne aktiviteten. Etter at eg forstod at eg ikkje trenger å jage rundt bana for å få ballen ned i 18 små hol, men sjølv kan spele etter ferdigheiter og dagsform blei det faktisk moro. Klarer eg berre 4 hol ein dag så gjer det ingenting, for eg har vore ute i frisk luft. Klarer eg 9 hol på 2,5 eller 3,5 timer så er eg kjempestolt sjølv om eg stryker på 7 hol. Er endå ikkje så god på å telle på poeng og rekne ut resultat etter handicap. Men det er ikkje så viktig for meg. Det er opplevinga av å klare det eg har lært på kurset og øvd på før eg går ut på bana. Det tok tid før eg kjende at eg fekk forståing for spelet og eg jobber med saka.
På toppen av alt kjem den sosiale biten av spelet. Av og til går eg aleine for eg kjenner at det er det eg trenger og av og til i lag med andre. Det eg gleder meg mest til i sesongen som ligg framføre er det å gå på bana i lag med ein blid gjeng med "gladgolf"-damer ein gong i veka.
Det eg vonar er at fleire som ikkje kjenner seg så trygge på spelet og bana denne våren kan blåse støvet av køllene som står i garasjen eller som fersking melde deg på eit kurs for å sjå kva dette er. Det er rett og slett eit spel og naturoppleving for folk flest.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-21080101849000486602016-11-26T00:01:00.000+01:002016-11-26T00:01:12.667+01:00Førjulstida er her💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛

Snart 1.søndag i advent og ei lita veke til vi skriv desember. Fine, flotte månaden der ein kan pynte, tenne lys og sette pris på glitter og stas. Nokon meiner at det er tidleg å starte med julepynten no, men eg har lært meg at det er lurt å komme i gong på desse tider. Ta litt for kvar dag så slepper ein å stresse. Det eg verkeleg likar i adventen er å gå på kafè og kose meg med kaffe og slå av ein prat med andre som har like god tid som meg. Berre ein er i form til det. For tida sliter eg med ryggen og hoftepartiet. Føtene er eitt kapittel for seg og kan til tider vere svært frustrerande. 1.desember skal eg på MR på Curato i Bergen og det skal bli spennande å sjå kva dei kan finne der. Sjølv om eg får svar forventar eg ikkje noko hjelp. Kan hende at bileta syner at eg har trong for spesialsålar og sko. ortopedane og spesialistane veit det, men NAV er ikkje overbevisste.

Smertene er den største utfordringa uansett kvar dei set. Det går på paracet om dagane og Paralgin forte på kvelden. I tillegg prøver eg no Circadin (Melatonin) for å sjå om det kan hjelpe på svevnen. Eg er ikkje sikker. Kan hende dei gjer det. Men, uansett så skal eg kose meg med å førebu julefeiringa sakte, sakte.

💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-4384847561645460752016-09-12T18:02:00.001+02:002016-09-12T19:08:07.451+02:00Livet er eigentleg braDet har vore ein fin sommar med mange gode stunder og opplevingar både på tur og her heime. Nedturane har vore der, men dei har eg takla bra, synst eg. Blitt flinkare til å ta dagane som dei kjem.

Det nye sidan sist er at eg har gått på kurs og byrja å spele golf. Ja, tru det eller ei. Eg har oppdaga at golf er ein fin aktivitet. Innser at rygg og føtter er svært utsett på fjellturar og det er eit større slit for meg å nå måla og toppane. På golfbana kan eg gje meg når eg kjenner at nok er nok og reise heim sjølv eller at nokon kan hjelpe meg med det. Sosialt er det også. har møtt mange fine mennesker i vår og sommar og kosar meg på gode dagar. At eg ikkje får til alt på ain gong gjer meg heller ikkje noko, men eg vert frykteleg frustrert når eg planlegger å gå med damene og utmattinga slår meg ut. Som i dag. Det er fint vær og bana er flott og alt låg til rette for ein fin ettermddag/kveld. For meg vart det stolen under teppet, med ein kropp som ikkje funkar på noko måte. Det verste er at eg eg kjenner at eg sviktar dei andre når eg har planlagd dette og ikkje møter opp sjølv. Den kjensla er slett ikkje god.

På den andre sida så veit eg at eg er vaksen nok til å ta mine eigne avgjereder å kjenne på kva eg orkar eller ikkje.

Det som tek kreftene mine no er smertene på og under føtene. Plantar faciitis, artrose og tverrplattfot i tillegg til ting eg ikkje kan namnet på er noko utfordrande for tida. Dette er noko eg har og må takle det på mitt vis. I dag er eg sur, i morgon er det sikkert lettare. Er ikkje godt å vete.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-84180603114900943422016-04-24T17:05:00.000+02:002016-04-24T17:36:00.807+02:00Slapp i både kropp og sjel (utmatting)Det er no ei veke sidan eg vart råka av akutte smerter i korsryggen og dagane har gått til å lindre smerte og auke aktiviteten. Trena hos fysioterapeuten to gangar og i går gjekk eg ein liten fin tur på 2,5 km. Turen vart gjennomført etter ein kamp om å komme seg opp av stolen og ut. Kjende meg rimeleg utmatta før eg gjekk og etterpå måtte eg diverre ta smrtestillande for å finne roen. Som forventa det då.

I dag vakna eg av smerter i korsrygg, hofter og nedover knea. Fekk meg ut av senga og ned trappa. Kokte kaffe og egg til søndagsfrukosten og kosa meg fram til at eg kjende at utmattinga slo til att. Sjølv om eg tok meg saman og fekk på meg klede og sko for å gå ein tur så vart det berre verre. Det var berre å finne pleddet for å sette seg i stolen og la det berre flyte. Tre timar sov eg og vart slett ikkje vaken og klar av det. Gjekk ut i sola ei stund, men det gjorde det ikkje betre. Kjenner meg heilt tom for energi trass i at eg har ete sunt og drukke nok vatn. Det er ikkje noko ny oppleving men eg blir like frustrert kvar gong det skjer. Veit at dette er ein av dei tinga som fylgjer etter periodar med sterke smerter. Kroppen gjev klar melding om at no er det nok. Sjølv meiner eg også at no er det nok, men eg må berre godta at slik er det utan at eg gjev meg heilt over av den grunn. Må berre jobbe meg opp på det nivået som er passeleg for meg. Finne att den gode kjensla av gode dagar.

Nett no gleder eg meg til middag. Kallen steiker andebryst og fløytegratinerte poteter. jau, eg blir godt stellt med.

Ha ein fin søndagsettermiddag og -kveld.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-76271986879420277052016-04-19T14:11:00.001+02:002016-04-19T14:11:53.330+02:00På`an igjen med korsryggenKva skal eg seie? Etter å ha komme i gong med ei viss rutine i aktivitet og trening så smeller det i ryggen og det kjennest ut som det set ein stor spiker i korsryggen. Ei lita rørsle som å løfte eit nettbrett ut av ei veske sette meg langt tilbake og eg er berre fortvila og frustrert. Smertene set meg nesten heilt ut. medan eg venter på at legen min kjem på jobb att i morgon, medisinerer eg meg sjølv med det eg har. Paracet og Paralgin Forte. når eg først sovnar, søv eg godt. Om morgonen vaknar eg av at eg rører litt på meg og då kjenner eg at smerta kjem snikande. Det vert verre utover dagen og tidleg på ettermiddagen må eg berre få i meg eit par Paralgin for å lindre litt. Nei, smertene er ikkje farleg og eg overlever nok. Men, eg vert så uendeleg trøytt og lei av dei. Det er heller ikkje mykje hjelp i å sette seg ned. Må vere litt i aktivitet, så no er jobben min å finne ut kva eg kan klare. I morgon skal eg i terapibassenget og røre litt på meg der. Sjå om det er greit å symje nokre meter for så å legge meg litt i boblebadet og få testa ut nokre musklar. Torsdag er det fysioterapeut igjen. I går vart det ikkje trena, men eg låg ei god stund med straum som lindra godt. Neste gong skal eg prøve å sykle litt att for etterpå og få ein dose til med straum.

Eg veit godt at dette er slik som vil dukke opp med jamne mellomrom og det er berre å ta krigen slik at eg kan komme meg ut att og opp i fjellet. Det er målet mitt.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-18801329237004602252016-04-07T09:45:00.001+02:002016-04-24T18:29:03.371+02:00Å ta ei avgjerd for framtida og tru på denHar no vore vekk frå arbeid eit par månader og tykkjer det er greit. Ja, eg har det betre med meg sjølv når eg kan styre dagen som det passar meg. Det er deilig å sjå på kalendaren at eg berre har eit par tre ting sam skal gjerast i løpet av ei veke. Det er godt å kunne reise heim att og dra teppet over hovudet når ein har kjempa mot utmattinga eit par timar. Det er også ei lette at eg kan stokke om på aktivitetane så dei kan utførast når eg er i stand til det. I går var eg hos tannlegen og etter ein halv time anspnt og svett i stolen var eg heilt køyrt og måtte droppe svømminga som egentlig var planen. Den kan eg faktisk prøve å utføre i dag.

Kvar dag tenkjer eg på korleis eg kan leve best og konklusjonen min er at det er slik som eg har det no. Når eg møter att sakshandsamar på NAV vil eg fortelle at eg ynskjer å søke om uføretrygd. Der. No har eg skreve det: Søke om uføretrygd. Eg veit at då kan eg styre livet mitt mykje betre og ikkje kjenne meg pressa til å prøve nye ting fori andre seier eg skal gjere det. Er sikker på at eg då kan finne meg ein liten jobb eller ein god aktivitet som eg kan putte inn i kalenderen og få kvardagen min til å fungere på ein god måte. Ja, slik vil eg ha det. No har eg tatt ei avgjerd som vil gjere meg godt. Berre nokon vil høyre på meg og sjå det frå mi side.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-17842757466672704932016-03-12T18:25:00.000+01:002016-03-12T18:25:50.815+01:00Ventar på vår og utelivRoleg laurdag i heimen. Vakna tidleg og kjende det "maura" i kroppen så det var berre å stå opp. Klampa ned trappa og fekk i meg morgonmedisinen, med paracet, vimovo og ymse vitaminar.

Kraup under pleddet i godstolen og sovna der etter ei lita stund. Har vore utruleg matt i føremiddag så planen om ei økt på treningssenteret vart vraka. Etterkvart kom eg meg i gang med strekkeøvingar på matta før eg faktisk gjennomførte styrkeøvingane som fysioterapeuten har sett opp. 45 minutter på matta gjorde faktisk godt. Resten av dagen har det vore opp og ned. Inn i mellom har eg fått gjort litt småting, men mesteparten har eg vore under teppet og kjent meg svak og tom. Slike dagar har eg av og til så då er det greit å berre gje seg over, men eg må sei at eg er veldig glad for at eg kan gjennomføre litt trening når det står på. Ja, eg kan presse meg litt når eg veit at eg ikkje skal på arbeid og må porsjonere ut kreftene. Ser fram til varmare temperaturar og snøfrie vegar rundt omkring slik at eg kan nyte frisk luft og vakker vårstemning. Enn så lenge blir det stort sett innetrening.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-28986898877675019832016-02-23T11:53:00.000+01:002016-02-23T11:53:11.575+01:00Å stå på mot betre vitandeTrur at eg no er på veg å forstå at eg må velgje ein anna veg for å finne ein god kvardag. Eg veit at eg ikkje blir så veldig mykje betre enn det eg er i dag. Det betyr ikkje at eg gjev opp og set meg heime i stolen. Nei, eg skal framleis finne den rette måten å finne balansen og eit bra liv. Sjølv om eg veit at det beste for meg er å bruke dagane til å gjere det lettare å leve med smertene og utmattinga, så er det slik at eg må gjere som eg får beskjed om frå Nav og lege for at eg ikkje skal miste rettigheitane mine i systemet. Det er slitsomt det òg. Så det vert vel eit år eller to til med utprøving og tap av sjølvtillit og knust sjølvbilete.

Eg må framleis stå på mot betre vitande, sjølv om eg veit kor det ender.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-22767906816662869172016-02-21T10:50:00.000+01:002016-02-21T11:12:36.924+01:00Litt oppløyst og medtatt

Å vere ute av stand til å henge med på jobben er tyngande og skapar eit stress hos meg som ikkje er bra. Etter eit år i 50% arbeidsavklaring og fast arbeid innser eg no at det kan vere i tøffaste laget for meg. Før kunne eg halde meg i aktivitet og i nokolunde god form, men det siste året har det ikkje vore overskot til å trene for å halde meg sterk. All energi er gått til jobb og fokus på å halde meg der.

Ja, då kan ein krysse av på lista om at turnusarbeid som hjelpepleiar på avdelinga ikkje er tilrådeleg.

No set eg her sjukmeld på snart femte veka og kan ikkje sjå at eg kan vere i stand til å ta i mot utfordring frå nav om å prøve andre jobbar. Er veldig bakpå og blir fort utmatta etter ein tur til Førde eller i godt selskap med andre mennesker. Opplever at eg kan vere veldig klar, men anspent når eg skal delta på ting i lag med andre. Spenner kroppen, pustar feil for så å gå heilt i kjellaren for å bli der ei stund. Samstundes skal ein stå på for at ein skal overleve og ikkje mista arbeidsavklaringpengar frå Nav. Vil ikkje verte oppfatta som ein som ikkje vil samarbeide og strekkjer meg så langt eg kan. Altfor langt. Dette er ei kronisk liding som eg må leve med i staden for å kjempe mot.

Har bestemt meg for å starte på nytt med treningsprogramma eg har. Kolesterolnivået (LDL) er noko forhøga, men i første omgang vert det å få i gang litt trening så ein kanskje for senka det på den enklaste måten. Ligger også lågt på d-vitamin, så eg har byrja på tilskot der. Hb og jernlager kan også bli betre. Vonar å få retta på dette med å stresse mindre og få eit passande aktivitetsnivå.

Eg skal finne den rette balansen for å få ein god kvardag og eit levande liv.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-83187396013902894292016-02-06T13:48:00.000+01:002016-02-06T13:48:18.178+01:00Forviklingar i snødrevSnø kan vere kjekt det, til sitt bruk. Men det er eit slit når den kjem i dunger og nesten umogleg å halde bilen isfri og tunet framkomeleg. All aktivitet må planleggast og ein må nytte kreftene når dei er der for å rydde vekk snøen og komme seg ut av tunet med bilen. Impulsturar kan vere vanskeleg å gjennomføre. Synd å sei det, men eg er letta for at eg no er sjukmeld og slepper stresset med å organisere og rydde for å komme på arbeid og deretter skuffe meir snø for å komme meg heimatt.

Nett no er det regn som kjem og det gjer kvardagen lettare. Innedag med fyr i omnen, varm sjokolade i koppen, strikkety i fanget og strømming av film på nettet.

For tida er eg utruleg tung i kroppen. Nakke- og skulderpartiet har til tider gjeve meg ein hinsides haudeverk og tanken på at det vert nesten tre veker utan fysioterapi gjer ikkje ting betre. Det er vel berre å gjer det ein sjølv maktar. Lette styrkeøvingar i heimen og eit par turar i terapibassenget å svømme nokre meter. Vonar at eg vert betre etterkvart og kan komme i gong med jobb igjen. om det er noko lurt å halde fram der eg er no vert meir og meir tvilsamt. Ein får gjere det beste ut av det i alle fall.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-22724100263739865072016-01-26T11:15:00.000+01:002016-01-26T11:18:33.499+01:00Å sjå frisk ut er eit lurt triks.Eg las ein gong eit blogginnlegg der forfattaren skreiv om det å spele frisk når ein kjende seg utsleten og låg nede for telling. Når ho møtte kvardagen utanfor døra var det når ho kjende seg klar for det og kunne gjennomføre ein dag eller kveld i lag med kjende og kjære. Det var sjeldan at nokon andre enn dei næraste såg ho på dei dårlege dagane. Slik er det med meg også. Når eg er i lag med andre tek eg fram den indre styrken og brukar energi på å vere blid og i møtekommen. Det er slik eg ynskjer å vere.

Slik vil eg også vise meg ute og møte andre menneske. " Du er så blid og sprudlande", "Der kjem sola", "du ser så bra ut" er utsagn eg likar å høyre og kjenner at det faktisk gjer meg godt, sjølv om eg er full i paracet og gnagande smerter. Det lindrar. Eg må gje noko for å få att. Smiler og ler for å få kjenne på det positive frå menneska rundt meg. Det er eit triks eg har lært meg gjennom dei siste åra.

Men av og til er det også greit å labbe rundt i pysj og tjukkesokkar og å kvile seg under teppet med mediterande musikk i bakgrunnen.

Slik går no dagane.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-8254459641608766612016-01-23T16:23:00.000+01:002016-01-23T16:56:11.380+01:00Smellen kom.Så kom smellen!

Siste vakta var utruleg tung og eg er glad eg var på ei avdeling der vi er to personar. Torsdag var det legetime og eg datt heilt i hop. Null krefter og mentalt heilt tom. Heldigvis har eg notert ned stikkord den siste veka om kva eg ville snakke med legen om så han fekk god forståing over situasjonen min. Ja, han hugsa at slik har eg hatt det før og foreslo at vi skulle vere litt lure no og ta det onde med rota med ein gong. Så no er eg sjukmeld i tre veker slik at ny omgamg med betennelsedempande kan få virke og at eg kan få overskot til å ta vare på meg sjølv.

Har allerede utført første punkt på planen som var å gje nav-handsamaren min beskjed om situasjonen og snakka med arbeidsleiar om det kan vere mogleg å gjere andre oppgåver ei stund medan eg arbeider for å komme meg i jobb att. Skal eg halde fram med det arbeidet eg har no så trur eg at eg øydelegger meir for meg sjølv enn kva godt er.

Set no med smerter frå tåspissane og opp i nakken. Kjennest ut som eg går på klinkekuler og eine beinet skriker frå hofta og ned. Handledd og fingrar er også med i det koret. Ryggen gjev også beskjed visst eg ikkje er forsiktig nok med rørslene.

Eg skriv ikkje dette for at de skal synst synd på meg, for det ynskjer eg i alle fall ikkje. Eg veit at det er mange som har det verre enn meg. Trass alt så døyr eg ikkje av smertene. Det er ikkje farleg med smerter og vondter. Men det er så forbanna sletsamt! Eg kjenner på frustrasjonen og har trong for å skrike ut at eg synst det er for jævlig at eg skal slite meg gjennom dagane.

Tre veker sjukmelding kan kanskje gje meg eit "kvileskjær" så eg kan hente meg innatt. Denne helga tek eg det med ro. Måndag er det fysioterapi og seinare i veka tenkjer eg at det vert å besøke eit varmt basseng. Har også gåvekort på spa som skal brukast. Ønskjer også at været kan bli litt stabilt slik at eg kan komme meg ut å gå litt på skogsvegar rundt om. Ta nokre bileter.

Meditasjon i naturen gjer verkeleg godt.

Uansett så skal eg i alle fall ta tilbake det gode livet.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-31357316902192481472016-01-01T14:51:00.000+01:002016-01-09T15:12:57.973+01:00Ettertankar og refleksjonarNok eit år er gått. Ting har skjedd fort og det har gått framover. Ja, på papiret har det gått framover, Men nett no kjenner eg det som at ting er i ferd med å snu. Smertene aukar og utmattinga slår meg oftare ut. Kjem meg ikkje ut å gå og vegen til treningssenteret er blitt lang.

Når eg set meg i bilen etter vakta har eg mest lyst å grine fordi eg endå har ein halv time før eg er heime og kan ta meir smertestillande som gjev god effekt.

1. juli starta eg i 50% løna arbeid på avd. for mennesker med demens etter å ha gått på atbeidsutprøving sidan februar. Det går opp og ned som forventa, og enkelte dagar forstår eg ikkje kvifor eg har stått opp og reist på arbeid. Takka vere tålmodige og flinke medarbeidara kjem eg meg gjennom dagane på ein grei måte, stort sett. Men framleis strevar eg med å be om hjelp og avlastning til ting for ikkje å vere ein byrde.

Brukar ein del energi på å delta i arbeidslivet og då går det sjølvsagt utover sosiale ting som trening og deltaking på ymse ting som skjer i bygda. Det eg saknar mest er omgang med gode vener og ikkje minst grandtanteungar. Eg tek vare på kvar ei stund eg orkar å vere med familie og vener.

Eg er heldig som har ein god ven i mannen min, Ole, som tek meg med på små helgeturar nokre gonger i året, enten det er Bergen, Ålesund, Kalvåg eller Florø. Viktig å få komme seg vekk å oppleve heilt andre ting enn kvardagen. Gutane er også viktige for meg og god medisin når eg ser at dei har det bra.

Innser òg at alderen tek meg att, sjølv om eg i haudet ikkje klarer å henge med der. Ser at vener og kjende mister foreldre, ektefeller, born og at nokre strevar med sjukdom og kjempar kampar som kan vere umoglege å vinne. Eg heiar på dei som slest for livet og sørgjer med dei som set att med sorg og tap. Eg er heldig som har foreldra mine endå og at mine førebels er spart for store lidingar.

Det er dagar eg ikkje orkar å tenkje på andre enn meg sjølv og er frustrert og fortvila over at eg ikkje klarer betre. Krav og forutsetnader er slett ikkje i balanse. Nav ynskjer sjølvsagt at eg skal presse meg og prøve ut meir når det gjeld arbeid, men eg veit at eg har ikkje meir å gå på. Halv stilling kan i periodar vere i overkant for meg.

I dag er det første dagen i eit nytt år og eg velger å sjå framover å gjere det beste ut av dagane. Må sørge for at det ikkje vert for stor pris å betale for å tilfredstille andre enn meg sjølv.

Ynskjer alle eit godt år i 2016.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-4479555558221179212015-11-28T07:56:00.001+01:002015-11-30T12:01:26.309+01:00Innfløkt fotproblematikk.Det nærmar seg at eg har vore eit halvt år i ordinært arbeid, 50% stilling som hjelpepleiar på skjerma eining etter nær 3 år utanfor arbeidslivet grunna smerter og det som følgjer med. Har kjent glede over å ha ein jobb å gå til og å vere saman med gode og flinke kollegaer i eit fagleg miljø. Har fått ei fenomenal støtte av apparatet rundt meg som lege, sakshandsamar i nav, fysioterapeuter, samtalepartnara og arbeidsleiara som har lagt til rette for at eg klarar dette.

Som eg tidlegare har skreve er kvardagen fylt av utfordringar med stivheit, smerter, utmatting og det som følgjer med. Dette er ting som eg har lært meg å leve med på eit vis, men strevar mykje med å finne balansen mellom aktivitet og kvile. Gjer så godt eg kan for å gjere dagane lettare og no er det føtene som er den største utfordringa. Har vore hos ortopedingeniør og fått tilpassa nye sålar og søkt om støtte frå nav til desse. Trakkar mykje på jobb og det kjenner eg godt etter avslutta vakt med smerter frå tærne og opp i rygg, skulder nakke. Ja, heile dama er smertepåverka og utmatta etter to vakter. Sålane har eg fått for å førebygge/forseinke vidare utvikling av lidingane i føter og tær der det er påvist artrose og Mortons nevrom m.a.

Men, får eg refundert utgiftene til sålane? Nei! Deformatitetane i føtene er for små i høve til kravet for å få det dekka.

Slik eg forstår det vert ikkje førebyggande tiltak refundert gjennom folketrygda. Det forundrar meg. Skal eg då heller la vere å kjøpe meg desse sålane og la det gå så langt at føtene vert deformerte og endå vondare slik at eg vert fullt ufør?

Vel, så langt har eg lag ut 3000 kr. på sålar og 4400 på sko og har ein formeining om at dette er småpengar i høve til kva eg vil koste samfunnet som fullt ufør og avhengig av refusjonsbare hjelpemiddel. Den dagen kjem nok, men ein kan vel utsette det med å sette inn tiltak der ein kan gjere det?

Stort sett er eg nøgd med den hjelpa og tilboda eg har fått for å komme meg i arbeid, men dette siste vesle tiltaket som er ein dråpe i havet, kan føre til at ting vil stoppe opp i nærare framtid enn naudsynt. Sukk!

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-12088298838873549182015-04-11T14:56:00.003+02:002015-04-12T12:42:28.491+02:00Frustrasjonar i moll.For tida prøver eg meg i jobb. Ein jobb eg har både kompetanse og erfaring til å utføre. Er på såkalla arbeidsutprøving i samarbeid med NAV og arbeidsgjevar på ei avdeling for mennesker med demens. Der er to pleiara på vakta til vanleg og eg går på "toppen" slik at eg har moglegheit for å trekke meg ut når eg kjenner trong for det. No har det seg slik at eg ikkje har det med å trekke meg ut, men står på med dei oppgåvene eg kjenner eg kan utføre. Hovedsakleg er eg på stova og kjøkken og hjelper til med mat og står til teneste for brukarane med prat, aktivisering eller bare ei hand å halde i.

Men etter to månader kjenner eg at smertene aukar i rygg og hofteregionen og eg sjølv er viss på at det ikkje går at eg skal jobbe som ein person på avd. Når vi berre er to der er det ikkje høve til å sette seg ned når ein har trong for det. Eg kan ikkje seie til den andre på jobb at eg må legge meg ned på for angsten kveler meg nett no. At eg kjenner på angsten er ikkje det verste. Den overlever eg med teknikkar eg har tileigna meg opp i gjennom åra. Nei, det verste er å svikte. Svikte ein kollega fordi eg ikkje er i stand til å stå ut løpet 100% .

Siste røntgen syner heldigvis at det ikkje er endringar i hofte og bekken, men i korsryggen er det slitasje. Det stemmer med dei MR-bileta som vart tekne for over eit år sidan , og som syner at det er trangt for nerverøtene eit par-tre stadar.Dette fører til at smertene er og blir kroniske og at eg vert ikkje noko betre av å gå i arbeid der eg må pleie andre. Eg veit det godt sjølv og utfordringa mi er å overbevise sakshandsamar på NAV og arbeidsgjevar at dei må finne ei anna løysing for meg. Eg veit godt at eg kan vere til nytte i miljøet på ein sjukeheim sjølv om eg ikkje kan ta dei tunge taka og dette trur eg at arbeidsgjevar og ser. Men, det er alltid penger som styrer kva tilbod dei kan gje til utbrende, sletne hjelpepleiara. Den tanken gjer meg motlaus og nedstemd. Eg kan ikkje sjå at dei kan gje meg noko anna val enn å gå ein anna veg. Nett no ser eg ikkje kor den vegen skal gå.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-91356255725921019672015-03-15T00:11:00.000+01:002015-03-15T00:11:33.648+01:00Magisk musikalsk augneblinkDer stod han framføre meg med sin raude gitar og song seg inn i hjarta mitt.

Orda flaumde som nordlysflammar inn i mellom tonane og stemma hans bar raspande og sår i mot meg. Undrande let eg meg drage inn i det mørke biletet han teikna og kjenner meg att i eit skymt landskap som legger seg rundt meg som ei kappe. Ei varm kappe farga med nattehimmelen sitt blåsvarte lys og stjerner som blinkar i stilla. Noko klemmer om brystet mitt å gjer det vanskeleg å pusta. Det er angsten som kjem. Angsten for at dette magiske augneblinket skal ta slutt og kvardagen slå meg i magen. Eg held fast men må sleppe taket, late opp auga og sjå at vi er her i eit rom i eit hus med vegger og tak. Det er andre mennesker rundt som tek plass mellom meg og mi makelause musikalske oppleving. Det er kaldt ute i natta, men eg kjenner det ikkje for eg er kledd i ei varm blåsvart kappe. Den tek eg med meg for å ta den fram når eg kjenner at eg trenger å flykte inn i eit skymt landskap for å kjenne varmen og dette augneblinket ein gong til.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-43983464182702518672015-03-13T23:14:00.001+01:002015-05-24T18:44:43.564+02:00Mitt livs strikketyI starten har nokon lagt opp maskene for deg slik at du kan gå vidare maske for maske. Etterkvart vil du oppleve at du møter knutar som må knytast opp og nokre gonger mister du maskar som må plukkast oppatt. Det hender også at du har strikka langt opp på arbeidet og du ser at du har gjort ein feil lenger nede. Då må ein rette på dette med å rekke opp til ein kjem ned til feilen å starte på nytt frå der. Av og til raknar det utan at vi har kontroll på det og vi må be om hjelp for å få ordna på det for å halde fram som før. Når vi nærmar oss enden på arbeidet kan vi sjå at det er små skilnader etterkvart som vi har gått fram med arbeidet. Lyse og mørke tonar etter kva trådar vi har hatt i korga og korleis dagane har vorte.

Har no sett at eg må putte fine friske fargar i korga mi og halde fram med arbeidet mitt. Sjølvsagt kjem det knutar, maskefall, opprekkingar og omattstart. Men eg ynskjer at mitt livs strikkety skal bli bra.Eg må berre passe på å ha vakre fargar i korga mi.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-39439228139248851752015-02-15T12:01:00.002+01:002015-03-14T11:29:27.914+01:00Mitt eige Mount EverestEin snakkar så fint om å setje seg mål i livet. Nå nokre toppar og kjenne på at ein meistrer det. Så må ein spørre seg om vi er flinke nok til å finne våre eigne mål. Som oftast er det flotte mål med høg utdanning, nå dei høgaste fjelltoppane, delta og vinne flest mogleg maratonløp og andre konkurransar. Eg har komme fram til at eg må lage mine eigne mål. Lage mitt eige Mount Everest. Eit mål som er realistisk og oppnåelig. Finne min eigen strategi og velgje dei beste delmåla. Dra nytte av eigenskapane til menneska rundt meg til å hjelpe meg. Om vegen er svingete og smal skal eg gje meg tida til å finne godene som eg kan ta med meg vidare.

Har no vore ute av arbeidslivet i to år. To år som har vore ei berg- og dalbane der eg til tider berre har sete i ei vogn og lat andre bestemme farten. Der eg av og til har klart å sette på bremsen, men også kjent at andre har tatt styringa og eg berre har følgt med i eit tempo som har vore problematisk. Det har også hendt at eg sjølv har trakka på gassen og eg har møtt veggen med eit smell. Heldigvis har eg behandlara rundt meg som har sett meg og plukka meg opp for å sette meg i hop igjen.

Etterkvart har eg forstått at eg kan ikkje nå dei same måla som andre. Eg må erkjenne min eigen tilstand og forutsetnad for å nå eit mål om å komme meg tilbake til jobb. Trappestega må verelågare og pausene oftare så eg kan sjå framover og legge planar for eit nytt delmål. Om eg ikkje følgjer samme vegen og farten som andre kan eg likevel nå eit mål som gjev meg ein kvardag som gagnar meg. Mitt eige Mount Everest.

Nett no er eg på eit steg i denne trappa som gjev meg meining og eg kjenner på at er er rimeleg nær eit mål. To dagar i veka er eg på arbeidsutprøving på ein sjukeheim, der eg er på ei avdeling for mennesker med demens.

Eg er på veg!

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-49985186898218646202014-09-12T15:22:00.000+02:002014-09-12T15:54:39.788+02:00Som dagane gårEg var høgt til fjells fredag 29.august. 1551 m.o.h. på "Bjørga" i Jølster. Ein fjelltopp eg egentlig hadde slått i frå meg å komme på sidan det er så langt og til dels bratt. Går ikkje aleine slike stader og så likar eg godt å gå aleine i mitt eige tempo. Men då ei venninne tok kontakt og lurte på om eg ville vere med ho og ta denne utfordringa var eg straks viljug til å prøve. Vi vart einige om å gjere det på vårt vis. Vi starta frå parkeringa rundt 09.20 og brukte heile dagen. Turen er estimert med 6-8 timar , men vi brukte 6t opp og 11t på heile turen.. Mange gode pausar og god tid til prat, lått og løje. Vi kom opp og begge er utruleg stolte og kry av det.

Har i sommar fått diagnosen Plantar Facitiis, hælspore og sliter med smerter i hælane og framover i tærne. Har vore på røntgen og venter på svar. Veit at dei i tillegg ser endringar opp på føtene med påleiringar i ledda framfor vrista. Vert vel kalla inn til ortoped så får vi sjå kva som skjer framover. Sjølv vil eg halde fram med å halde meg i aktivitet mest mogleg. Det kan vere vanskeleg enkelte dagar når trøttleik og smerter tek overhand, men stort sett så får eg gjort litt eit

par- tre gonger i veka.

Etter att eg byrja på dette innlegget har eg opplevd ein del symptom på kroppen at noko skjer. Trøytt og sleten til tider og smerter i mageregionen og endring i fargen på urinen og trøbbel med fordøyelsen. Blodprøver syner lågt hemoglobin-nivå, og har no vore å teke fleire blodprøver for å stadfeste og utelukke kva som gjer til det. Både legen og eg har ein mistanke om at det kan vere biverknader av Vimovo som er smertestillande og betennelsedempande. Har vel brukt det litt for lenge, tenkjer eg. Eigentleg skal ein berre bruke det i korte perioder. Har i dag, 12/9, slutta med dei og ser slett ikkje fram til denne helga når smertene høgst sannsynleg vil auke. Då er det berre å putte på med meir Paracet og Tramadol. Kjenner at eg blir litt motlaus og må finne på ting som får meg vekk frå dette. Var ein tur på støylen i går sidan eg ikkje orkar noko lengre turar nett no. Får leve på dei opplevingane eg har hatt nokre dagar og komme meg på tak igjen så eg kan fullføre dei siste fjelltrimpostane på lista mi.

Enn så lenge så er det berre å stå på!

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-28995893042606269152014-05-21T17:42:00.000+02:002014-05-21T18:14:59.340+02:00Styrke og motivasjonDet er vår og snøen kryper vekk frå fjella så det er mogleg å komme seg opp i høgda på skikkeleg vis. Idrettslaget i Jølster si fjelltrimgruppe har plukka ut ti støylar og fjelltoppar som postar for årets fjelltrim, og etter kvart vert desse merka og flagg og holtang vert sett ut. Det er 10 flotte turar der dei fleste er overkommeleg for meg. Eg har som mål å fullføre minst 7 av dei for då får ein ein liten premie som prov på at ein har klart desse. Det motiverer meg. Eg har to stykker frå før og kjenner stoltheit kvar gong eg ser på dei.

I fjor klarte eg alle 8 postane eg hadde sett meg ut før prolapsen slo til og det har vore eit stykke å gå fram til der eg er no. Den gamle styrken har eg ikkje nådd att, men eg meiner at eg skal klare premien i år berre eg tek meg tid og går på gode dager i pent vær.

Har vore på ein fjelltur i lag med bror, søster og svoger tidlegare i vår. Den kan de lese om HER. I går var eg med ein gjeng som går fjellturar om tysdagane og det kan de sjå meir om HER.

Nett den turen om tysdagane set eg også stor pris på. Det er ein blid og inspirerande gjeng som likar å gå i skog, mark og fjell og det er nett det eg trenger rundt meg. Blide mennesker med mål for auget å kose seg på tur. Med deira hjelp kjem eg meg også, som med fjelltrimmen, stader eg aldri hadde gjort utan dei. Opplevingane det er å gå i naturen og å forevige dei med fotoapparatet er ein motivasjon og gjev meg styrke til å halde ut i kvardagen og løfter meg opp frå tunge tankar og gjer til at eg kjenner at eg lever. Sjølv om eg i går kjende at det var hardt for ryggen, beit eg tenna i hop og gjekk på, for eg ville opp på toppen og skrive meg inn i boka som ligger der. Då er det godt å ha motiverande og støttande mennesker i ryggen som hjelper meg til å finne dei indre kreftene og drivet som får meg framover. Eg er heldig som kjenner så mange fine mennesker som ser meg og tar meg for den eg er og ikkje noko meir enn det.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-34907855952846790232014-05-14T14:30:00.000+02:002014-05-14T14:32:01.667+02:00Krasjlanding i sofaenI dag er det den dagen ein vakna opp med dundrande hovudpine, nakkesmerter og ein pinnestiv kropp. Alle rørsler gav utslag i kvalme og tarmane gav lydar og vrei seg i smerter for å få tømt seg. Først ein halv time for å komme seg ut av senga og så ein halvtime på badet før ein fekk kava seg på kjøkkenet og svelgt eit par smertelindrande og få i seg noko vatn og eit tørt knekkebrød. Etter eit par timar var det å hive inn på litt meir piller i von om at toppen av smertene forsvinner og no set eg her og kjenner at eg kan lese litt nyhender på nettaviser og skrive litt om denne morgonen frå helvete.

Slike dagar minner meg kraftig på kvifor eg har vore sjukmeld og no går på aap-ordning. Om nokon tek kontakt med meg i dag for å høyre om arbeidsutprøving eller møte om framtida trur eg at eg kjem til å starte og grine. Det same om nokon spør meg om eg har det bra. Nei! Eg har det slett ikkje bra! I går hadde eg det fint, men ikkje i dag. I dag er det ein slik dag som ingen ser meg. Men i går spratt eg rundt i butikken og smilte til verda og såg ut som den eg var: Verdas lukkelegaste. I dag subbar eg rundt i ullsokkar og joggebukse, grå i ansiktet og sukkar i smerteverda mi. Her snakkar ein om at livet er ei berg- og dalbane.

Men nett no virkar medisinen så eg har fått ei lita von om at kvelden og morgondagen kan bli god. Skal stolpre meg opp frå sofane å sette på ei maskin med klede, tenkjer eg.

Ha ein fin ettermiddag og kveld de òg.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-66840296439966787202014-05-03T01:48:00.000+02:002014-05-03T01:49:26.624+02:00Livet og lukkaDet er mange tankar som dukkar opp når ein kjem til eit vegskille her i livet. Etter å ha oppfostra to flotte gutar er det no tomt i heimen etter at eldsten også har pakka livet sitt i øskjer og flytta for seg sjølv. Litt stille og tomt dei første dagane, men eg erkjenner gladeleg at eg er heldig som får oppleve dette i lag med mann min, far til karane. Det er ikkje alle som får oppleve det slik som eg. Tankane mine går til dei som har mista eit barn og ikkje får vete kor det hadde gått med det gjennom livet. Og så har vi dei som har mista sin livsledsagar og ikkje har nokon å dele denne lukka det er å sjå sine kjære vakse opp og dele opplevingane med dei. Ja, eg veit eg skal sette pris på dette. Det hjelper meg gjennom kvardagen. Trass i smerter, ein kranglete kropp og angsten som kan slå ein ut så har eg det bra. Veldig bra, og kjenner kvar dag at eg har god grunn til å kjenne på lukka. Om det til tider er tungt i kvardagen, smiler lukka til meg med tanken på at eg har mine kjæraste med meg.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-1194221136844228653.post-78265651613291488812014-04-22T18:56:00.000+02:002014-04-22T18:56:16.577+02:00Når sevja stigerDet vakre vårværet som er no desse dagane gjer til at kroppen min letnar. Kjenner at eg kan fungere betre enn før. Større rørlsefridom på musklar og ledd. Fysioterapeuten påpeika dette i dag at ho merka stor skilnad frå tidlegare i vinter. Humøret mitt er også meir på det jamne og eg kjenner at eg har meir energi og lysta er større til å vere aktiv. Men, ja, det er eit men her også. Auka aktivitet gjer til at eg belaster ryggen meir og det er der eg merkar at alt er ikkje heilt på topp. Vert påminna med murring ned i der om å vere noko rasjonell i rørslene når eg går. Kan hende eg bør vere flinkare til å bruke stavar når eg skal gå i bratt terreng. Er heller ikkje fri frå smertestillande, men i perioder kan eg klare meg med lite. Nett no er det ein slik periode. Gje den blir lang. Uansett så skal eg nytte denne tida med aktiviet og trening i skog og mark. Det er balsam for sjela.

Anonymoushttp://www.blogger.com/profile/13568343049017735792noreply@blogger.com0