søndag 19. mai 2013

Smak av sommar


I dag har det vore ein vidunderleg varm dag. har vore i hagen heile dagen med unntak av litt rydding og vasking i entrèen. Det er ei fantastisk kjensle å føle graset mellom tærne og å glede seg til fleire slike opplevingar i løpet av sommaren.

tirsdag 7. mai 2013

Hjarteliga


Eg er heldig som har to unge venninner som er drar meg opp når eg er nede. Vi går turar og jagar på kvarandre når ein er litt slakk. To av oss drar kvarandre over dørstokken for å symje også.
Det er ikkje berre den fysiske delen av meg som har godt av desse to. Dei er med på å dra fram det unge og levande i meg og gjer til at eg vågar meir å vere jente og kvinne. Ikkje berre ei mor og middelaldrande dame. Filmkveldar, kafèbesøk og berre prate over ein kopp te er gode opplevingar med desse to.
Eg er så glad i desse jentene at eg laga oss like panneband som vi brukar på tur og vi kallar oss for "Hjarteligaen" for her er det eit hjarteleg samvære.
Ser fram til fine turar vidare framover.


torsdag 25. april 2013

Vegen mot glød og engasjement




Er no på full fart tilbake til god gamal form etter inngrepet i mars. Det er 6 veker sidan og om to veker vonar eg at det er full fart på sykkel og i basseng. Har i alle fall funne igjen farta på tur på vegane rundt om på Vassenden. 
Sjølv om eg for tida er noko ute av drift kjenner eg at det kan vere mogleg å få i gong att gnisten og kanskje eit aldri så lite engasjement for arbeidet mitt. Kanskje eg skal finne meg ein heilt anna veg å gå der det er lettare å finne dette. Forstår at eg kan ha ein lang veg og gå, men eg går faktisk ikkje aleine. Sender ein stor takk til dei som går i lag med meg og heier meg fram.





torsdag 11. april 2013

Glede i kvardagen





Små gåver i kvardagen som gjer ein glad.
Ein vedunderleg telysbehaldar fyllt med .....telys og ein fin fordekt godispakke lyser opp når ein slit litt i kvardagen. 
Visdomord er også ei påminning og eit teikn på at det er nokon som ser ein.
Tusen hjarteleg takk.

mandag 18. mars 2013

Friele Senseo


Kva kan få ei 50 år gamal kvinne til å sjå så fornøgd ut?
Jau, denne sjølvsagt.
Ein kopp med Friele sin Senseo kaffe.


søndag 17. mars 2013

Rekonvalesent


Set heime i sofaen for tida for å kome meg etter ein plastisk operasjon på magen. Tatt vekk overflødig hud etter kraftig vektnedgong. De kan lese om fedmeoperasjonen på bloggen min HER.
Nokon vil vel tru at eg har valgt enkle vegar for å nå målet om den perfekte figur, men slik er det ikkje. Eg har no runda 50 år og og i nesten halvparten av livet mitt fram til 45 let eg kroppen min forfalle. Det enda med ei livsfarleg overvekt som gav meg mange tilleggslidingar som snart kunne gjere ende på meg. 
Det var eg sjølv som måtte ta tak og det hasta. Difor valde eg operasjonen i 2010 og har sidan 2008 kjempa for å  forlenge livet mitt. Eg har klart det. 
Den negative konsekvensen vart huda som vart til overs. Sjølv er eg ikkje så ille plaga av det, med unntak av at under "henget" vart det fuktig, sårt og lett for å danne seg sopp og infeksjonar. Passa eg ikkje på å halde det tørt og reint blei det for smertefull og ubehageleg. Difor søkte eg om hjelp til å få vekk "henget" og fekk det innvilga med støtte frå det offentlege. Eg er veldig takknemlig samtidig som eg veit at dette har eg jobba for og fortener at kvaliteten på kvardagen og livet har auka. Om ikkje figuren min nokon gong vert perfekt sidan eg endå har noko overfødig hud her og der så trur eg livet mitt nærmar seg det perfekte for meg.



fredag 8. mars 2013

Sofakrøll på E39


Av og til kan ein komme opp i merkelege situasjonar. Å nesten køyre på ein sofa på hovudvegen, E39, var på grensa til det absurde. Eg vil tru at det såg noko sprøtt ut for forbipasserande trafikk at to vaksne damer bar på ein sofa på vegen i mørkna. Men det som er merkeleg her er at ingen stogga og fekk den ut av vegen så den ikkje var til fare for nokon. Men alt i alt hadde Ingunn og eg ei selsom oppleving på veg heim frå symjing.


De kan lese om det i FIRDA også.