mandag 30. desember 2013

Det bratte året.

Det er to dagar att av 2013, det forunderlege året som var fyllt med både godt og vondt. Starta med å møte veggen, tømd for energi og tiltakslyst som gjorde meg nedstemt. Etterkvart kom angsten for ikkje å strekke til verken i jobb eller som medmenneske. Andre før meg hadde teke til fornuft og gått nye vegar i staden for å la seg fange i motløyse og svarte tankar på arbeidsplassen. Etterkvart fekk eg prov for at eg hadde rett. Eg måtte velge meg nye vegar og mål for der eg var er det ingen von om framgang og utvikling.
På vegen mot lysare tider måtte eg overvinne ein del hindringar og jobb nr.1 var å styrke meg fysisk og psykisk. Våren og sommaren har vore fyllt med aktivitet aleine eller i godt selskap. Fleire fjelltoppar og støylar har vore vitja og ny premie for 8 fullførte fjelltrimpostar er på plass i hylla.
Mange fine mennesker er komt inn i livet mitt og gjeve meg ting som eg har mangla: auka sjølkjensle og eit betre sjølvbilete. Men likevel er det enkelte dagar eg gløymer dette og surrer rundt i mørket og finner ikkje vegen ut. Det såg så bra ut alt saman. Var i startgropa på å finne meg ein ny jobb og var klar å melde meg på livet igjen då eg fekk ein ny smell. Ryggen slo seg vrang. Det syner seg at eg har to prolaps og slitasje i korsryggen. Før eg visste kor alvorleg det egentleg var, trudde eg at dette var noko som gjekk over med ro og kvile. Gjekk til kiropraktor og auka litt etter litt på aktiviteten og synst det var godt å komme seg på tur på støylen etter 5 veker i ro. Eit par gode runder i bassenget og var herleg, men det gjorde berre alt vondt verre. Smertene var ulidelige og tunge smertelindrande vart løysinga. MR synte alvoret og her går eg no. Fysioterapi, god balanse mellom aktivitet og kvile og lite vetta smertelindring. trenger ikkje den tyngste medisineringa heile tida, men kroppen murrar heile tida. Ja, eg har smerter i heile kroppen. Kronisk smertesyndrom, også kalla fibromyalgi, har blomstra opp i vinter og eg må ta dag for dag. Det er ikkje slik eg hadde tenkt meg livet etter vektnedgongen. Godt at eg har lært meg å bruke tolmodsknappen. Finner den ikkje kvar dag, men eg trykker på den av og til og brukar tida til å halde meg i gong slik som kroppen funkar den dagen, eller timen.
Frå og med no er eg ein Navar. Gått over på arbeidsavkalringspenger og det livet det fører med seg. Blir vel van med det også slik at eg kan fokusere på kropp og helse å komme meg i gong slik at eg kan rekke nye toppar og tinder når snøven forsvinn til våren.
Eg velger å legge 2013 bak meg som ein test og eit prov på at motgong gjer ein sterk. 
Som bestemor mi, Malla, sa ei gong: "Ein får ikkje større bør enn skuldrane klarar å bere". 
Det trur eg på. 
Eg skal på topp igjen!


onsdag 20. november 2013

Slitasje i kropp og sjel

Eg har innsett at eg har levd eit liv der eg slett ikkje har vore snill mot meg sjølv. Overvekt, angst, depresjon og redselen for ikkje å strekke til har vore det dominerande i livet mitt. Og opp i alt dette har eg vore mor, kone, husmor og fulltidsarbeidande hjelpepleiar, eit yrke som ikkje er for pingler. Det er ikkje rart at eg kjenner meg sliten, liten og svak. Sjølv om det har skjedd mykje positivt dei siste fire åra er det tungt å innsjå at prisen eg no betaler er litt høg. Smertene jager rundt i kroppen og vil ikkje gje seg. Dette må eg nok leve med.
Svaret på MR-bileta er klart og seier at eg har slitaje i korsryggen som vidare fører til at nerverøtene til tider har liten plass og difor vert klemd og sender smertene nedover i foten og opp i ryggen. No må eg berre vise tolmod og gje meg tida til å bygge meg opp så eg kan fungere nokolunde normalt i kvardagen og kan hende eg kan finne meg ein jobb der eg kan fungere godt. Medan eg venter på time hos ortoped på sjukehuset held eg fram med psykomotorisk fysioterapi og behandling hos vanleg fysioterapeut. Kiropraktor meinte at det gjer den samme tena som det han kan tilby. Då vert det fysio sidan det er rimelegast. Fram til jul får eg det gratis og etterkvart får eg fort eigenandelsfritak neste år.
Eg er egentlig veldig glad for å vete kva det er som gjer til smertene og vonar at eg etterkvart kan få ei meir handfast hjelp i rettleiing og behandling. Det skal bli godt å komme i aktivitet igjen. Trass i at vi no er starta på den kalde årstida skal eg komme meg i gong. Godt at eg har treningsabonnement på treningsenteret og kan nytte meg av det fram til vi går mot lysare og varmare tider og det tørkar opp i fjella så ein kan nå nye toppar til sommaren. 
Ha ein fin dag alle i hop.


fredag 8. november 2013

Mørketida


Då er den her, den kalde, mørke tida. Kalenderen syner november og kjensla av å vere nedstemt tyngjer meir og meir. Slik er det kvart år på denne tida. Har mest lyst til å reive meg inn i tepper, gå i dvale og la denne tida gå umerkeleg forbi. Naturen kler seg i svart/kvitt og dei vakre haustfargane råtnar vekk og alt rundt ein syner eit forfall som ingen kan gjere noko med. Det er ikkje noko som seier at det skal komme betre dagar etter dette. Eg gjer nokre forsøk på å heve stemninga med å kveikje lys, drikke te, sjå på film og endåtil kle på meg å gå ein liten tur, men det hjelper så lite. Ein blir berre endå meir tyngd ned av alt det svarte og grå rundt ein. Teen vert kald og beisk og det syner seg at heltinna i filmen daudar for eiga hand og stearinen flyter utover den nye lauparen eg har lagt på. Men om eg tek ein tur tilbake i bileta som eg har teke i sommar så kan det vere eit håp om at dette vil snu....ein gong. 


(foto: Åse Iren)

mandag 28. oktober 2013

Slik går no dagane...

....er vorten eit utrykk for at det skjer ikkje så mykje nytt. Slik er det med meg også. Smertehelvetet vil ingen ende ta og til tider sprer det seg like godt til nakke og hovudet med. Kiropraktor og lege måtte tenkje litt annaleis når eg vart verre og smertene vart uuthaldelege. Har no fått noko sterkare smertelindrande  som eg tar når riene er som verst. Kiropraktoren henviste meg til MR i Bergen og der fekk eg med meg CD som han kikka på før han sende den vidare til radiolog. Han kunne seie med sikkerheit at det er to prolapsar i ryggen, men at vi må vente på svar frå radiologen før ein kunne slå fast kva behandling som skal startast. Er òg henvist til ortopedisk klinikk på sjukehuset og det tar vel si tid før ein kjem til der. I mellomtida er mi oppgåve å finne ein balanse mellom aktivitet og kvile og det synst eg kan vere vanskeleg. Men dagane går med små enkle gjeremål og eg prøver også på små spaserturar langs elva.
Ein kunne tru at eg kjeder meg desse dagane, men det er slik at når ein har vondt og ikkje kan ta i noko større så er det greit å vere litt i ro og tilpasse seg etter situasjonen. Men, eg må innrømme at då eg var med på åpninga av det nye treningssenteret i bygda hadde eg veldig lyst å vere med spinninga og å prøve litt av apparatene der. Eg har meldt meg inn så det det skal ikkje vere lenge før eg kan ta senteret i bruk når eg kan få starte med å trene meg oppatt. Det gleder eg meg til. Berre nokon kan hjelpe meg med å verte kvitt desse drepande smertene.


lørdag 28. september 2013

Smertehelvetet

Det er no fjerde veka eg går med sterke smerter i bekkenregionen, hovedsakleg venstre sida.
Kjenner at eg er sliten og strever med tålmodet. Siste to vekene har eg kjent på at det har vore framgang, og har gått turar langs elva på grusveg og stier. Til og med på Flugestøylen har eg vore. Har også gjort unda to økter i bassenget med roleg brystsvømming. Men, no har det vore to dagar med sterke smerter igjen og i dag har eg prøvd meg på å vere heilt i ro, men det gnagar og brenn nedover venstre sida. Torer ikkje å ta meir smertestillande enn det eg gjer for eg har teke meir enn kva legen har bestemt allerede. 
Ja da, eg er klar over at kroppen min er godt brukt og at eg alltid har ein eller anna form for vondter om vandrar rundt i kroppen. For det meste går det fint å leve med det og aktivitet er med på og lindre. Dette er noko anna. Kiropraktoren jobbar no med å løyse opp låsninga som er i venstre bekkenledd og vonar på denne måten at smertene vidare nedover beinet vil gje seg etterkvart. Det vonar verkeleg eg òg.




lørdag 13. juli 2013

Værdepresjon

Været er det vi snakkar mest om og det vi minst kan gjere noko med. Om sommaren kunne ein til tider ynskje at ein kunne ta fram sola og skru på termostaten  og nyte dagane. Men slik er det ikkje og difor må ein gjere det beste ut av det. Enkelt å seie når ein kjenner ar humøret synker og at ein faktisk går rundt og er småsint fordi været er stygt. Det er eit anna utrykk som seier at det finnast ikkje dårleg vær, berre dåreleg klær. Makan til pissprat! Eg har gode regnklede og varme sko, men været blir ikkje noko betre av den grunn!
Ja, eg set her nett no og kjenner at eg rett og slett er lei meg fordi det regner etter tre dagar med eit kjempesupert vær. Skulle ynskje eg kunne sitte i hagen med den nye bikinien og krølle tærne i graset, eller ta på meg kortbukse, singlet, joggesko og ein liten sekk og vandre til ein fjelltopp med sola i nakken. Der vil eg sitte ein time å berre måpe og tenke på kor godt ein har det.
Vel, i dag tar eg rett og slett og reiser ned til Førde og henter apotekervarene eg gløymde i går og går på ein kafè og drikker ein kopp kaffe medan eg ser på menneska rundt meg. Fin aktivitet i dretværet medan ein venter på at sommaren kjem tilbake.


mandag 24. juni 2013

Den beste utgåva av meg sjølv.

"Har lyst å bli ein betre utgave av meg sjølv som då eg var 30-40 år" sa ei dame på 54 år på "Søndagsrevyen". Ei flott dame som vil kvitte seg med rynkene med hjelp av ultralyd. Eg tygger litt på den setninga...."ei betre utgåve av meg sjølv".... Kjenner henne ikkje, men eg synst å høyre ei som har eit ganske så dårleg sjølvbilete som ikkje ser at ho er ei flott dame i sin beste alder. Kan hende ho heller skulle hatt seg eit par timar i prat med nokon som utøver kognitiv terapi. Nokon som kan hjelpe henne med å snu det negative biletet av seg sjølv til det som alle andre ser.
Sjølv er eg no den beste utgåva av meg sjølv. Det har eg vore heile tida sjølv om det har vore berg-og dalbaner i livet mitt. Til tider har eg ikkje likt det eg har sett i speilet, men eg har ikkje hatt noko anna å by fram så eg har levd med det. Først når helsa sto på spel gjorde eg noko med det og fekk hjelp til det. men det var den fysiske delen. Javisst liker eg betre det eg ser i speilet i dag sjølv om eg kan slite med å sjå verdien i meg som menneske etter mange år med dødsslit for å halde hovudet over vatnet. Utsjånaden min kan ikkje hjelpe meg når det indre sjølvbildet vert vrengt og eg ikkje for mitt berre liv kan sjå det andre ser. Ingen ansiktsløft, mageplastikk, vektnedgong, laser, nasekorrigering eller kva ein enn ynskjer kan hjelpe på og like deg sjølv. Det er tankegongen om kva ein sjølv er verdt og kven ein egentlig er som må på plass. Det som var for 20 år sidan var då. Den beste utgåva av meg sjølv er den eg er i dag.