søndag 24. april 2016

Slapp i både kropp og sjel (utmatting)

Det er no ei veke sidan eg vart råka av akutte smerter i korsryggen og dagane har gått til å lindre smerte og auke aktiviteten. Trena hos fysioterapeuten to gangar og i går gjekk eg ein liten fin tur på 2,5 km. Turen vart gjennomført etter ein kamp om å komme seg opp av stolen og ut. Kjende meg rimeleg utmatta før eg gjekk og etterpå måtte eg diverre ta smrtestillande for å finne roen. Som forventa det då.
I dag vakna eg av smerter i korsrygg, hofter og nedover knea. Fekk meg ut av senga og ned trappa. Kokte kaffe og egg til søndagsfrukosten og kosa meg fram til at eg kjende at utmattinga slo til att. Sjølv om eg tok meg saman og fekk på meg klede og sko for å gå ein tur så vart det berre verre. Det var berre å finne pleddet for å sette seg i stolen og la det berre flyte. Tre timar sov eg og vart slett ikkje vaken og klar av det. Gjekk ut i sola ei stund, men det gjorde det ikkje betre. Kjenner meg heilt tom for energi trass i at eg har ete sunt og drukke nok vatn. Det er ikkje noko ny oppleving men eg blir like frustrert kvar gong det skjer. Veit at dette er ein av dei tinga som fylgjer etter periodar med sterke smerter. Kroppen gjev klar melding om at no er det nok. Sjølv meiner eg også at no er det nok, men eg må berre godta at slik er det utan at eg gjev meg heilt over av den grunn. Må berre jobbe meg opp på det nivået som er passeleg for meg. Finne att den gode kjensla av gode dagar.
Nett no gleder eg meg til middag. Kallen steiker andebryst og fløytegratinerte poteter. jau, eg blir godt stellt med.
Ha ein fin søndagsettermiddag og -kveld.

tirsdag 19. april 2016

På`an igjen med korsryggen

Kva skal eg seie? Etter å ha komme i gong med ei viss rutine i aktivitet og trening så smeller det i ryggen og det kjennest ut som det set ein stor spiker i korsryggen. Ei lita rørsle som å løfte eit nettbrett ut av ei veske sette meg langt tilbake og eg er berre fortvila og frustrert. Smertene set meg nesten heilt ut. medan eg venter på at legen min kjem på jobb att i morgon, medisinerer eg meg sjølv med det eg har. Paracet og Paralgin Forte. når eg først sovnar, søv eg godt. Om morgonen vaknar eg av at eg rører litt på meg og då kjenner eg at smerta kjem snikande. Det vert verre utover dagen og tidleg på ettermiddagen må eg berre få i meg eit par Paralgin for å lindre litt. Nei, smertene er ikkje farleg og eg overlever nok. Men, eg vert så uendeleg trøytt og lei av dei. Det er heller ikkje mykje hjelp i å sette seg ned. Må vere litt i aktivitet, så no er jobben min å finne ut kva eg kan klare. I morgon skal eg i terapibassenget og røre litt på meg der. Sjå om det er greit å symje nokre meter for så å legge meg litt i boblebadet og få testa ut nokre musklar. Torsdag er det fysioterapeut igjen. I går vart det ikkje trena, men eg låg ei god stund med straum som lindra godt. Neste gong skal eg prøve å sykle litt att for etterpå og få ein dose til med straum.
Eg veit godt at dette er slik som vil dukke opp med jamne mellomrom og det er berre å ta krigen slik at eg kan komme meg ut att og opp i fjellet. Det er målet mitt.

torsdag 7. april 2016

Å ta ei avgjerd for framtida og tru på den

Har no vore vekk frå arbeid eit par månader og tykkjer det er greit. Ja, eg har det betre med meg sjølv når eg kan styre dagen som det passar meg. Det er deilig å sjå på kalendaren at eg berre har eit par tre ting sam skal gjerast i løpet av ei veke. Det er godt å kunne reise heim att og dra teppet over hovudet når ein har kjempa mot utmattinga eit par timar. Det er også ei lette at eg kan stokke om på aktivitetane så dei kan utførast når eg er i stand til det. I går var eg hos tannlegen og etter ein halv time anspnt og svett i stolen var eg heilt køyrt og måtte droppe svømminga som egentlig var planen. Den kan eg faktisk prøve å utføre i dag.
Kvar dag tenkjer eg på korleis eg kan leve best og konklusjonen min er at det er slik som eg har det no. Når eg møter att sakshandsamar på NAV vil eg fortelle at eg ynskjer å søke om uføretrygd. Der. No har eg skreve det: Søke om uføretrygd. Eg veit at då kan eg styre livet mitt mykje betre og ikkje kjenne meg pressa til å prøve nye ting fori andre seier eg skal gjere det. Er sikker på at eg då kan finne meg ein liten jobb eller ein god aktivitet som eg kan putte inn i kalenderen og få kvardagen min til å fungere på ein god måte. Ja, slik vil eg ha det. No har eg tatt ei avgjerd som vil gjere meg godt. Berre nokon vil høyre på meg og sjå det frå mi side.


lørdag 12. mars 2016

Ventar på vår og uteliv

Roleg laurdag i heimen. Vakna tidleg og kjende det "maura" i kroppen så det var berre å stå opp. Klampa ned trappa og fekk i meg morgonmedisinen, med paracet, vimovo og ymse vitaminar.
Kraup under pleddet i godstolen og sovna der etter ei lita stund. Har vore utruleg matt i føremiddag så planen om ei økt på treningssenteret vart vraka. Etterkvart kom eg meg i gang med strekkeøvingar på matta før eg faktisk gjennomførte styrkeøvingane som fysioterapeuten har sett opp. 45 minutter på matta gjorde faktisk godt. Resten av dagen har det vore opp og ned. Inn i mellom har eg fått gjort litt småting, men mesteparten har eg vore under teppet og kjent meg svak og tom. Slike dagar har eg av og til så då er det greit å berre gje seg over, men eg må sei at eg er veldig glad for at eg kan gjennomføre litt trening når det står på. Ja, eg kan presse meg litt når eg veit at eg ikkje skal på arbeid og må porsjonere ut kreftene. Ser fram til varmare temperaturar og snøfrie vegar rundt omkring slik at eg kan nyte frisk luft og vakker vårstemning. Enn så lenge blir det stort sett innetrening.

tirsdag 23. februar 2016

Å stå på mot betre vitande

Trur at eg no er på veg å forstå at eg må velgje ein anna veg for å finne ein god kvardag. Eg veit at eg ikkje blir så veldig mykje betre enn det eg er i dag. Det betyr ikkje at eg gjev opp og set meg heime i stolen. Nei, eg skal framleis finne den rette måten å finne balansen og eit bra liv. Sjølv om eg veit at det beste for meg er å bruke dagane til å gjere det lettare å leve med smertene og utmattinga, så er det slik at eg må gjere som eg får beskjed om frå Nav og lege for at eg ikkje skal miste rettigheitane mine i systemet. Det er slitsomt det òg. Så det vert vel eit år eller to til med utprøving og tap av sjølvtillit og knust sjølvbilete.
Eg må framleis stå på mot betre vitande, sjølv om eg veit kor det ender.



søndag 21. februar 2016

Litt oppløyst og medtatt


Å vere ute av stand til å henge med på jobben er tyngande og skapar eit stress hos meg som ikkje er bra. Etter eit år i 50% arbeidsavklaring og fast arbeid innser eg no at det kan vere i tøffaste laget for meg. Før kunne eg halde meg i aktivitet og i nokolunde god form, men det siste året har det ikkje vore overskot til å trene for å halde meg sterk. All energi er gått til jobb og fokus på å halde meg der.
Ja, då kan ein krysse av på lista om at turnusarbeid som hjelpepleiar på avdelinga ikkje er tilrådeleg.
No set eg her sjukmeld på snart femte veka og kan ikkje sjå at eg kan vere i stand til å ta i mot utfordring frå nav om å prøve andre jobbar. Er veldig bakpå og blir fort utmatta etter ein tur til Førde eller i godt selskap med andre mennesker. Opplever at eg kan vere veldig klar, men anspent når eg skal delta på ting i lag med andre. Spenner kroppen, pustar feil for så å gå heilt i kjellaren for å bli der ei stund. Samstundes skal ein stå på for at ein skal overleve og ikkje mista arbeidsavklaringpengar frå Nav. Vil ikkje verte oppfatta som ein som ikkje vil samarbeide og strekkjer meg så langt eg kan. Altfor langt. Dette er ei kronisk liding som eg må leve med i staden for å kjempe mot.
Har bestemt meg for å starte på nytt med treningsprogramma eg har. Kolesterolnivået (LDL) er noko forhøga, men i første omgang vert det å få i gang litt trening så ein kanskje for senka det på den enklaste måten. Ligger også lågt på d-vitamin, så eg har byrja på tilskot der. Hb og jernlager kan også bli betre. Vonar å få retta på dette med å stresse mindre og få eit passande aktivitetsnivå.
Eg skal finne den rette balansen for å få ein god kvardag og eit levande liv.



lørdag 6. februar 2016

Forviklingar i snødrev

Snø kan vere kjekt det, til sitt bruk. Men det er eit slit når den kjem i dunger og nesten umogleg å halde bilen isfri og tunet framkomeleg. All aktivitet må planleggast og ein må nytte kreftene når dei er der for å rydde vekk snøen og komme seg ut av tunet med bilen. Impulsturar kan vere vanskeleg å gjennomføre. Synd å sei det, men eg er letta for at eg no er sjukmeld og slepper stresset med å organisere og rydde for å komme på arbeid og deretter skuffe meir snø for å komme meg heimatt.
Nett no er det regn som kjem og det gjer kvardagen lettare. Innedag med fyr i omnen, varm sjokolade i koppen, strikkety i fanget og strømming av film på nettet.
For tida er eg utruleg tung i kroppen. Nakke- og skulderpartiet har  til tider gjeve meg ein hinsides haudeverk og tanken på at det vert nesten tre veker utan fysioterapi gjer ikkje ting betre. Det er vel berre å gjer det ein sjølv maktar. Lette styrkeøvingar i heimen og eit par turar i terapibassenget å svømme nokre meter. Vonar at eg vert betre etterkvart og kan komme i gong med jobb igjen. om det er noko lurt å halde fram der eg er no vert meir og meir tvilsamt. Ein får gjere det beste ut av det i alle fall.