Som mange veit har eg aldri vore noko vintermenneske og har stort sett helde meg inne desse månadane. Slik er eg og slik vil eg fortsette å vere. Ja, eg har gode klede og trenger ikkje fryse og går ut når eg må og til tider vert det ein fottur på godværsdagar. Men, eg har det ikkje på toppaktivitetar. Det som er det gode med slike turar i snø og kulde er å få komme innatt og sette på seg heildressen i fleece og krølle seg i hop med kaffekoppen i neven i godstolen. Det er det som er motivasjonen når eg trakkar i veg.
Ski har eg ikkje og ikkje skal eg ha! Her er ikkje turområder som er heilt flate heile vegen og difor trur eg at eg skal prøve truger. Dei sklir i allefall ikkje og er eit ypperleg treningsapparat skal eg tru dei erfarne.
Men i dag har fri og skal no ut og sope snøen av bilen etter eit par kaffekoppar. Eg har då ein termodress liggande og gode hansker og varme luer.
Og mi største lukke er varme føter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar