torsdag 24. januar 2013

Mot lysare tider


I går kom sola inn i stova og eg fanga augneblinken som varte i litt over ti minutter.
Det gjer så godt at den er kommen her og det hjelper på humøret.
Det er underleg kor avhengig ein vert av lys etter kvart som ein vert eldre. Lengselen etter lyse dagar starter tidlegare og tidlegare. Allerede i oktober hadde eg fått nok av mørke kvelder. I år er det verre en nokon gong og det trur eg har med kulden å gjere. Denne kuldeperioden har vore utruleg lang og eg klikkar meg stadig vekk inn på Yr.no i håp om å sjå at temperturen stiger opp og legger seg rundt 0 i allefall. Det kan vere ein fin vinter om minusgradene ikkje går under 5-talet. Sjølv om det har vore lite snø har kulda vore fin for dei som likar å boltre seg på isen. Det har vore eit fint syn å sjå all aktiviteten på isen med store og små. Sjølv likar eg skøyte like lite som ski så eg held meg til det eg kan: svømming og spinning. Sidan det er så kaldt har eg stort sett drive med inneaktiviteter dei siste vekene. Kroppen min seier at det er det beste for meg.
Medan eg venter på våren og varmen kler eg på meg lag på lag, fangar dei fine augneblinka og legger dei på minnet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar