fredag 1. januar 2016

Ettertankar og refleksjonar

Nok eit år er gått. Ting har skjedd fort og det har gått framover. Ja, på papiret har det gått framover, Men nett no kjenner eg det som at ting er i ferd med å snu. Smertene aukar og utmattinga slår meg oftare ut. Kjem meg ikkje ut å gå og vegen til treningssenteret er blitt lang.
Når eg set meg i bilen etter vakta har eg mest lyst å grine fordi eg endå har ein halv time før eg er heime og kan ta meir smertestillande som gjev god effekt.
1. juli starta eg i 50% løna arbeid på avd. for mennesker med demens etter å ha gått på atbeidsutprøving sidan februar. Det går opp og ned som forventa, og enkelte dagar forstår eg ikkje kvifor eg har stått opp og reist på arbeid. Takka vere tålmodige og flinke medarbeidara kjem eg meg gjennom dagane på ein grei måte, stort sett. Men framleis strevar eg med å be om hjelp og avlastning til ting for ikkje å vere ein byrde.
Brukar ein del energi på å delta i arbeidslivet og då går det sjølvsagt utover sosiale ting som trening og deltaking på ymse ting som skjer i bygda. Det eg saknar mest er omgang med gode vener og ikkje minst grandtanteungar. Eg tek vare på kvar ei stund eg orkar å vere med familie og vener.
Eg er heldig som har ein god ven i mannen min, Ole, som tek meg med på små helgeturar nokre gonger i året, enten det er Bergen, Ålesund, Kalvåg eller Florø. Viktig å få komme seg vekk å oppleve heilt andre ting enn kvardagen. Gutane er også viktige for meg og god medisin når eg ser at dei har det bra.
Innser òg at alderen tek meg att, sjølv om eg i haudet ikkje klarer å henge med der. Ser at vener og kjende mister foreldre, ektefeller, born og at nokre strevar med sjukdom og kjempar kampar som kan vere umoglege å vinne. Eg heiar på dei som slest for livet og sørgjer med dei som set att med sorg og tap. Eg er heldig som har foreldra mine endå og at mine førebels er spart for store lidingar.
Det er dagar eg ikkje orkar å tenkje på andre enn meg sjølv og er frustrert og fortvila over at eg ikkje klarer betre. Krav og forutsetnader er slett ikkje i balanse. Nav ynskjer sjølvsagt at eg skal presse meg og prøve ut meir når det gjeld arbeid, men eg veit at eg har ikkje meir å gå på. Halv stilling kan i periodar vere i overkant for meg.
I dag er det første dagen i eit nytt år og eg velger å sjå framover å gjere det beste ut av dagane. Må sørge for at det ikkje vert for stor pris å betale for å tilfredstille andre enn meg sjølv.

Ynskjer alle eit godt år i 2016.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar