søndag 15. februar 2015

Mitt eige Mount Everest

Ein snakkar så fint om å setje seg mål i livet. Nå nokre toppar og kjenne på at ein meistrer det. Så må ein spørre seg om vi er flinke nok til å finne våre eigne mål. Som oftast er det flotte mål med høg utdanning, nå dei høgaste fjelltoppane, delta og vinne flest mogleg maratonløp og andre konkurransar. Eg har komme fram til at eg må lage mine eigne mål. Lage mitt eige Mount Everest. Eit mål som er realistisk og oppnåelig. Finne min eigen strategi og velgje dei beste delmåla. Dra nytte av eigenskapane til menneska rundt meg til å hjelpe meg. Om vegen er svingete og smal skal eg gje meg tida til å finne godene som eg kan ta med meg vidare.
Har no vore ute av arbeidslivet i to år. To år som har vore ei berg- og dalbane der eg til tider berre har sete i ei vogn og lat andre bestemme farten. Der eg av og til har klart å sette på bremsen, men også kjent at andre har tatt styringa og eg berre har følgt med i eit tempo som har vore problematisk. Det har også hendt at eg sjølv har trakka på gassen og eg har møtt veggen med eit smell. Heldigvis har eg behandlara rundt meg som har sett meg og plukka meg opp for å sette meg i hop igjen.
Etterkvart har eg forstått at eg kan ikkje nå dei same måla som andre. Eg må erkjenne min eigen tilstand og forutsetnad for å nå eit mål om å komme meg tilbake til jobb. Trappestega må verelågare og pausene oftare så eg kan sjå framover og legge planar for eit nytt delmål. Om eg ikkje følgjer samme vegen og farten som andre kan eg likevel nå eit mål som gjev meg ein kvardag som gagnar meg. Mitt eige Mount Everest.
Nett no er eg på eit steg i denne trappa som gjev meg meining og eg kjenner på at er er rimeleg nær eit mål. To dagar i veka er eg på arbeidsutprøving på ein sjukeheim, der eg er på ei avdeling for mennesker med demens.

Eg er på veg!













fredag 12. september 2014

Som dagane går

Eg var høgt til fjells fredag 29.august. 1551 m.o.h. på "Bjørga" i Jølster. Ein fjelltopp eg egentlig hadde slått i frå meg å komme på sidan det er så langt og til dels bratt. Går ikkje aleine slike stader og så likar eg godt å gå aleine i mitt eige tempo. Men då ei venninne tok kontakt og lurte på om eg ville vere med ho og ta denne utfordringa var eg straks viljug til å prøve. Vi vart einige om å gjere det på vårt vis. Vi starta frå parkeringa rundt 09.20 og brukte heile dagen. Turen er estimert med 6-8 timar , men vi brukte 6t opp og 11t på heile turen.. Mange gode pausar og god tid til prat, lått og løje. Vi kom opp og begge er utruleg stolte og kry av det.


 Har i sommar fått diagnosen Plantar Facitiis, hælspore og sliter med smerter i hælane og framover i tærne. Har vore på røntgen og venter på svar. Veit at dei i tillegg ser endringar opp på føtene med påleiringar i ledda framfor vrista. Vert vel kalla inn til ortoped så får vi sjå kva som skjer framover. Sjølv vil eg halde fram med å halde meg i aktivitet mest mogleg. Det kan vere vanskeleg enkelte dagar når trøttleik og smerter tek overhand, men stort sett så får eg gjort litt eit 
par- tre gonger i veka. 
Etter att eg byrja på dette innlegget har eg opplevd ein del symptom på kroppen at noko skjer. Trøytt og sleten til tider og smerter i mageregionen og endring i fargen på urinen og trøbbel med fordøyelsen. Blodprøver syner lågt hemoglobin-nivå, og har no vore å teke fleire blodprøver for å stadfeste og utelukke kva som gjer til det. Både legen og eg har ein mistanke om at det kan vere biverknader av Vimovo som er smertestillande og betennelsedempande. Har vel brukt det litt for lenge, tenkjer eg. Eigentleg skal ein berre bruke det i korte perioder. Har i dag, 12/9, slutta med dei og ser slett ikkje fram til denne helga når smertene høgst sannsynleg vil auke. Då er det berre å putte på med meir Paracet og Tramadol. Kjenner at eg blir litt motlaus og må finne på ting som får meg vekk frå dette. Var ein tur på støylen i går sidan eg ikkje orkar noko lengre turar nett no. Får leve på dei opplevingane eg har hatt nokre dagar og komme meg på tak igjen så eg kan fullføre dei siste fjelltrimpostane på lista mi.

Enn så lenge så er det berre å stå på!




onsdag 21. mai 2014

Styrke og motivasjon

Det er vår og snøen kryper vekk frå fjella så det er mogleg å komme seg opp i høgda på skikkeleg vis. Idrettslaget i Jølster si fjelltrimgruppe har plukka ut ti støylar og fjelltoppar som postar for årets fjelltrim, og etter kvart vert desse merka og flagg og holtang vert sett ut. Det er 10 flotte turar der dei fleste er overkommeleg for meg. Eg har som mål å fullføre minst 7 av dei for då får ein ein liten premie som prov på at ein har klart desse. Det motiverer meg. Eg har to stykker frå før og kjenner stoltheit kvar gong eg ser på dei.
I fjor klarte eg alle 8 postane eg hadde sett meg ut før prolapsen slo til og det har vore eit stykke å gå fram til der eg er no. Den gamle styrken har eg ikkje nådd att, men eg meiner at eg skal klare premien i år berre eg tek meg tid og går på gode dager i pent vær.
Har vore på ein fjelltur i lag med bror, søster og svoger tidlegare i vår. Den kan de lese om HER. I går var eg med ein gjeng som går fjellturar om tysdagane og det kan de sjå meir om HER.
Nett den turen om tysdagane set eg også stor pris på. Det er ein blid og inspirerande gjeng som likar å gå i skog, mark og fjell og det er nett det eg trenger rundt meg. Blide mennesker med mål for auget å kose seg på tur. Med deira hjelp kjem eg meg også, som med fjelltrimmen, stader eg aldri hadde gjort utan dei. Opplevingane det er å gå i naturen  og å forevige dei med fotoapparatet er ein motivasjon og gjev meg styrke til å halde ut i kvardagen og løfter meg opp frå tunge tankar og gjer til at eg kjenner at eg lever. Sjølv om eg i går kjende at det var hardt for ryggen, beit eg tenna i hop og gjekk på, for eg ville opp på toppen og skrive meg inn i boka som ligger der. Då er det godt å ha motiverande og støttande mennesker i ryggen som hjelper meg til å finne dei indre kreftene og drivet som får meg framover. Eg er heldig som kjenner så mange fine mennesker som ser meg og tar meg for den eg er og ikkje noko meir enn det.



onsdag 14. mai 2014

Krasjlanding i sofaen

I dag er det den dagen ein vakna opp med dundrande hovudpine, nakkesmerter og ein pinnestiv kropp. Alle rørsler gav utslag i kvalme og tarmane gav lydar og vrei seg i smerter for å få tømt seg. Først ein halv time for å komme seg ut av senga og så ein halvtime på badet før ein fekk kava seg på kjøkkenet og svelgt eit par smertelindrande og få i seg noko vatn og eit tørt knekkebrød. Etter eit par timar var det å hive inn på litt meir piller i von om at toppen av smertene forsvinner og no set eg her og kjenner at eg kan lese litt nyhender på nettaviser og skrive litt om denne morgonen frå helvete.
Slike dagar minner meg kraftig på kvifor eg har vore sjukmeld og no går på aap-ordning. Om nokon tek kontakt med meg i dag for å høyre om arbeidsutprøving eller møte om framtida trur eg at eg kjem til å starte og grine. Det same om nokon spør meg om eg har det bra. Nei! Eg har det slett ikkje bra! I går hadde eg det fint, men ikkje i dag. I dag er det ein slik dag som ingen ser meg. Men i går spratt eg rundt i butikken og smilte til verda og såg ut som den eg var: Verdas lukkelegaste. I dag subbar eg rundt i ullsokkar og joggebukse, grå i ansiktet og sukkar i smerteverda mi. Her snakkar ein om at livet er ei berg- og dalbane.
Men nett no virkar medisinen så eg har fått ei lita von om at kvelden og morgondagen kan bli god. Skal stolpre meg opp frå sofane å sette på ei maskin med klede, tenkjer eg.
Ha ein fin ettermiddag og kveld de òg.


lørdag 3. mai 2014

Livet og lukka

Det er mange tankar som dukkar opp når ein kjem til eit vegskille her i livet. Etter å ha oppfostra to flotte gutar er det no tomt i heimen etter at eldsten også har pakka livet sitt i øskjer og flytta for seg sjølv. Litt stille og tomt dei første dagane, men eg erkjenner gladeleg at eg er heldig som får oppleve dette i lag med mann min, far til karane. Det er ikkje alle som får oppleve det slik som eg. Tankane mine går til dei som har mista eit barn  og ikkje får vete kor det hadde gått med det gjennom livet. Og så har vi dei som har mista sin livsledsagar og ikkje har nokon å dele denne lukka det er å sjå sine kjære vakse opp og dele opplevingane med dei. Ja, eg veit eg skal sette pris på dette. Det hjelper meg gjennom kvardagen. Trass i smerter, ein kranglete kropp og angsten som kan slå ein ut så har eg det bra. Veldig bra, og kjenner kvar dag at eg har god grunn til å kjenne på lukka. Om det til tider er tungt i kvardagen, smiler lukka til meg med tanken på at eg har mine kjæraste med meg.

tirsdag 22. april 2014

Når sevja stiger

Det vakre vårværet som er no desse dagane gjer til at kroppen min letnar. Kjenner at eg kan fungere betre enn før. Større rørlsefridom på musklar og ledd. Fysioterapeuten påpeika dette i dag at ho merka stor skilnad frå tidlegare i vinter. Humøret mitt er også meir på det jamne og eg kjenner at eg har meir energi og lysta er større til å vere aktiv. Men, ja, det er eit men her også. Auka aktivitet gjer til at eg belaster ryggen meir og det er der eg merkar at alt er ikkje heilt på topp. Vert påminna med murring ned i der om å vere noko rasjonell i rørslene når eg går. Kan hende eg bør vere flinkare til å bruke stavar når eg skal gå i bratt terreng. Er heller ikkje fri frå smertestillande, men i perioder kan eg klare meg med lite. Nett no er det ein slik periode. Gje den blir lang. Uansett så skal eg nytte denne tida med aktiviet og trening i skog og mark. Det er balsam for sjela.

mandag 7. april 2014

Når tankane vert gøymde.

Det fine vårværet vi har om dagen motiverer meg til å gå lange, fine turar. Det er då det kjem mange tankar. Gode og dårlege tankar om ting som eg har opplevd og korleis livet har vore og korleis eg vil ha det framover. Mange gonger smiler eg godt og nokre gonger kjenner eg gråten komme. Problemet mitt er at det er ikkje alltid eg hugsar kva eg har tenkt på sjølv om eg kjenner på meg at det er gode idèar, minner og refleksjonar som har svirra rundt i hovudet under turen. Kanskje eg skulle ta fram telefonen å skrive ned noko av dette, men då vil det bli ein svært oppstykka tur og opplevingane av den forsvinner inn i tasting og tenking. Samstundes er det mykje av det som dukkar opp som ikkje skal komme fram at fordi det er negativt og destruktivt. Det meste av det negative ein har opplevd skal ikkje fram att. Eg vil tenkje på det som isbitar som etterkvart vil smelte vekk, fordampe, dette ned at som regn ut på det opne hav, blande seg med dette og på denne måten vatnast ut til ingenting.
Det som slår meg er at uansett kor tankane kjem frå, kor dei fer og kor dei hamnar så handlar det om val. Val om kva eg ynskjer og vil. Midt opp i dette skjer det som eg taklar dårlegast, at ein vegg dett ned framfor meg med dunder og brak og gøymer det eg har tenkt. Den veggen som avgrensar mine val eg har tenkt på. Om den er eit produkt av min eigen tankegong eller om det er andre som setter den ned, kan til tider vere svært forvirrande. Er det smertene? Er det angsten? Er det omgjevnadane?