lørdag 1. februar 2014

Brei multitasking og dårleg kortidsminne.

Det er ein laurdag utan planar og eg bestemmer meg for å slappe av med ting eg likar å gjere. Med anna strikking. Plukkar fram lubbane eg held på med og ser ned i korga at der ligger det ei halvgjort hue. Den skulle eg kanskje gjort ferdig, ja. Under den ligger det ein påbegynt pulsvarmar i lag med eit lite teppe som eg ville gje til prematuravdelinga når det vert ferdig. Kanskje eg skal ta det fyrst? Ojsann. Der ligger boka som Mariell har skreve, "og me skal bli omskapte", men no har eg starta på Anna Tostrup Worsley si bok "Kronisk" også. Legger bøkene på bordet og der dukkar jammen ei sjølvhjelpsbok om å verte sin eigen sjef opp. Det var sant, den var jo fin å lese. Etter den skulle eg ta føre meg "Solskinnsboka" til Trond Haukedal. Ups! Der dukka boka eg har lånt av Camilla om motiverande samtaler opp òg. Den hadde eg gløymt. Men kva er dette? Det var sant, ja. Eg har begynt på ein gensar til meg sjølv. Hadde visst gjort ein feil opp med halsen så eg måtte strikke meg bakover nokre runder for å få retta det opp. Venter litt med den. Eg får sjekke Facebook og Twitter medan eg tar meg ein kopp kaffe. Der ligger mp3-spelaren som eg skulle ha ny musikk på. Må finne att "Queen"-samlinga i alle fall å få den lagra på pc`en. Næmmen, der er jo Abba også. Dei må eg òg få inn på. Skulle ha sett opp att "Mamma Mia"-musikalen også. Kor ligger den DVD`en? Finner den i lag med ein sesong "NCIS" som eg ikkje har sett. Det minner meg på at eg skulle ha fått med meg ein episode til av "Fringe" på Netflix og opptaket av "Game of Thrones" på Tv`en. Og der ligger Digibokspelaren med "Politi" av Jo Nesbø. Bevares! Kva skal eg finne på?
Slik vert det når ein gløymer kva ein driver med. Det er som om kvar gong du går gjennom ei dør så vert tinga du driver med viska ut av hukommelsen og du startar på nye gjeremål. Overgangsalder og fibrotåke er ein svært dårleg kombinasjon. Utsikta for å få oversikt ser ikkje bra ut, nei. Eg tar meg ein kopp kaffe, ein bit kokesjokolade og legger meg under eit teppe. Men gløymer vel det sidan eg må gjennom ei dør for å lage kaffe. Ha ein fin laurdag, alle i hop.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar