onsdag 21. mai 2014

Styrke og motivasjon

Det er vår og snøen kryper vekk frå fjella så det er mogleg å komme seg opp i høgda på skikkeleg vis. Idrettslaget i Jølster si fjelltrimgruppe har plukka ut ti støylar og fjelltoppar som postar for årets fjelltrim, og etter kvart vert desse merka og flagg og holtang vert sett ut. Det er 10 flotte turar der dei fleste er overkommeleg for meg. Eg har som mål å fullføre minst 7 av dei for då får ein ein liten premie som prov på at ein har klart desse. Det motiverer meg. Eg har to stykker frå før og kjenner stoltheit kvar gong eg ser på dei.
I fjor klarte eg alle 8 postane eg hadde sett meg ut før prolapsen slo til og det har vore eit stykke å gå fram til der eg er no. Den gamle styrken har eg ikkje nådd att, men eg meiner at eg skal klare premien i år berre eg tek meg tid og går på gode dager i pent vær.
Har vore på ein fjelltur i lag med bror, søster og svoger tidlegare i vår. Den kan de lese om HER. I går var eg med ein gjeng som går fjellturar om tysdagane og det kan de sjå meir om HER.
Nett den turen om tysdagane set eg også stor pris på. Det er ein blid og inspirerande gjeng som likar å gå i skog, mark og fjell og det er nett det eg trenger rundt meg. Blide mennesker med mål for auget å kose seg på tur. Med deira hjelp kjem eg meg også, som med fjelltrimmen, stader eg aldri hadde gjort utan dei. Opplevingane det er å gå i naturen  og å forevige dei med fotoapparatet er ein motivasjon og gjev meg styrke til å halde ut i kvardagen og løfter meg opp frå tunge tankar og gjer til at eg kjenner at eg lever. Sjølv om eg i går kjende at det var hardt for ryggen, beit eg tenna i hop og gjekk på, for eg ville opp på toppen og skrive meg inn i boka som ligger der. Då er det godt å ha motiverande og støttande mennesker i ryggen som hjelper meg til å finne dei indre kreftene og drivet som får meg framover. Eg er heldig som kjenner så mange fine mennesker som ser meg og tar meg for den eg er og ikkje noko meir enn det.



onsdag 14. mai 2014

Krasjlanding i sofaen

I dag er det den dagen ein vakna opp med dundrande hovudpine, nakkesmerter og ein pinnestiv kropp. Alle rørsler gav utslag i kvalme og tarmane gav lydar og vrei seg i smerter for å få tømt seg. Først ein halv time for å komme seg ut av senga og så ein halvtime på badet før ein fekk kava seg på kjøkkenet og svelgt eit par smertelindrande og få i seg noko vatn og eit tørt knekkebrød. Etter eit par timar var det å hive inn på litt meir piller i von om at toppen av smertene forsvinner og no set eg her og kjenner at eg kan lese litt nyhender på nettaviser og skrive litt om denne morgonen frå helvete.
Slike dagar minner meg kraftig på kvifor eg har vore sjukmeld og no går på aap-ordning. Om nokon tek kontakt med meg i dag for å høyre om arbeidsutprøving eller møte om framtida trur eg at eg kjem til å starte og grine. Det same om nokon spør meg om eg har det bra. Nei! Eg har det slett ikkje bra! I går hadde eg det fint, men ikkje i dag. I dag er det ein slik dag som ingen ser meg. Men i går spratt eg rundt i butikken og smilte til verda og såg ut som den eg var: Verdas lukkelegaste. I dag subbar eg rundt i ullsokkar og joggebukse, grå i ansiktet og sukkar i smerteverda mi. Her snakkar ein om at livet er ei berg- og dalbane.
Men nett no virkar medisinen så eg har fått ei lita von om at kvelden og morgondagen kan bli god. Skal stolpre meg opp frå sofane å sette på ei maskin med klede, tenkjer eg.
Ha ein fin ettermiddag og kveld de òg.


lørdag 3. mai 2014

Livet og lukka

Det er mange tankar som dukkar opp når ein kjem til eit vegskille her i livet. Etter å ha oppfostra to flotte gutar er det no tomt i heimen etter at eldsten også har pakka livet sitt i øskjer og flytta for seg sjølv. Litt stille og tomt dei første dagane, men eg erkjenner gladeleg at eg er heldig som får oppleve dette i lag med mann min, far til karane. Det er ikkje alle som får oppleve det slik som eg. Tankane mine går til dei som har mista eit barn  og ikkje får vete kor det hadde gått med det gjennom livet. Og så har vi dei som har mista sin livsledsagar og ikkje har nokon å dele denne lukka det er å sjå sine kjære vakse opp og dele opplevingane med dei. Ja, eg veit eg skal sette pris på dette. Det hjelper meg gjennom kvardagen. Trass i smerter, ein kranglete kropp og angsten som kan slå ein ut så har eg det bra. Veldig bra, og kjenner kvar dag at eg har god grunn til å kjenne på lukka. Om det til tider er tungt i kvardagen, smiler lukka til meg med tanken på at eg har mine kjæraste med meg.