tirsdag 23. februar 2016

Å stå på mot betre vitande

Trur at eg no er på veg å forstå at eg må velgje ein anna veg for å finne ein god kvardag. Eg veit at eg ikkje blir så veldig mykje betre enn det eg er i dag. Det betyr ikkje at eg gjev opp og set meg heime i stolen. Nei, eg skal framleis finne den rette måten å finne balansen og eit bra liv. Sjølv om eg veit at det beste for meg er å bruke dagane til å gjere det lettare å leve med smertene og utmattinga, så er det slik at eg må gjere som eg får beskjed om frå Nav og lege for at eg ikkje skal miste rettigheitane mine i systemet. Det er slitsomt det òg. Så det vert vel eit år eller to til med utprøving og tap av sjølvtillit og knust sjølvbilete.
Eg må framleis stå på mot betre vitande, sjølv om eg veit kor det ender.



søndag 21. februar 2016

Litt oppløyst og medtatt


Å vere ute av stand til å henge med på jobben er tyngande og skapar eit stress hos meg som ikkje er bra. Etter eit år i 50% arbeidsavklaring og fast arbeid innser eg no at det kan vere i tøffaste laget for meg. Før kunne eg halde meg i aktivitet og i nokolunde god form, men det siste året har det ikkje vore overskot til å trene for å halde meg sterk. All energi er gått til jobb og fokus på å halde meg der.
Ja, då kan ein krysse av på lista om at turnusarbeid som hjelpepleiar på avdelinga ikkje er tilrådeleg.
No set eg her sjukmeld på snart femte veka og kan ikkje sjå at eg kan vere i stand til å ta i mot utfordring frå nav om å prøve andre jobbar. Er veldig bakpå og blir fort utmatta etter ein tur til Førde eller i godt selskap med andre mennesker. Opplever at eg kan vere veldig klar, men anspent når eg skal delta på ting i lag med andre. Spenner kroppen, pustar feil for så å gå heilt i kjellaren for å bli der ei stund. Samstundes skal ein stå på for at ein skal overleve og ikkje mista arbeidsavklaringpengar frå Nav. Vil ikkje verte oppfatta som ein som ikkje vil samarbeide og strekkjer meg så langt eg kan. Altfor langt. Dette er ei kronisk liding som eg må leve med i staden for å kjempe mot.
Har bestemt meg for å starte på nytt med treningsprogramma eg har. Kolesterolnivået (LDL) er noko forhøga, men i første omgang vert det å få i gang litt trening så ein kanskje for senka det på den enklaste måten. Ligger også lågt på d-vitamin, så eg har byrja på tilskot der. Hb og jernlager kan også bli betre. Vonar å få retta på dette med å stresse mindre og få eit passande aktivitetsnivå.
Eg skal finne den rette balansen for å få ein god kvardag og eit levande liv.



lørdag 6. februar 2016

Forviklingar i snødrev

Snø kan vere kjekt det, til sitt bruk. Men det er eit slit når den kjem i dunger og nesten umogleg å halde bilen isfri og tunet framkomeleg. All aktivitet må planleggast og ein må nytte kreftene når dei er der for å rydde vekk snøen og komme seg ut av tunet med bilen. Impulsturar kan vere vanskeleg å gjennomføre. Synd å sei det, men eg er letta for at eg no er sjukmeld og slepper stresset med å organisere og rydde for å komme på arbeid og deretter skuffe meir snø for å komme meg heimatt.
Nett no er det regn som kjem og det gjer kvardagen lettare. Innedag med fyr i omnen, varm sjokolade i koppen, strikkety i fanget og strømming av film på nettet.
For tida er eg utruleg tung i kroppen. Nakke- og skulderpartiet har  til tider gjeve meg ein hinsides haudeverk og tanken på at det vert nesten tre veker utan fysioterapi gjer ikkje ting betre. Det er vel berre å gjer det ein sjølv maktar. Lette styrkeøvingar i heimen og eit par turar i terapibassenget å svømme nokre meter. Vonar at eg vert betre etterkvart og kan komme i gong med jobb igjen. om det er noko lurt å halde fram der eg er no vert meir og meir tvilsamt. Ein får gjere det beste ut av det i alle fall.