lørdag 11. april 2015

Frustrasjonar i moll.

For tida prøver eg meg i jobb. Ein jobb eg har både kompetanse og erfaring til å utføre. Er på såkalla arbeidsutprøving i samarbeid med NAV og arbeidsgjevar på ei avdeling for mennesker med demens. Der er to pleiara på vakta til vanleg og eg går på "toppen" slik at eg har moglegheit for å trekke meg ut når eg kjenner trong for det. No har det seg slik at eg ikkje har det med å trekke meg ut, men står på med dei oppgåvene eg kjenner eg kan utføre. Hovedsakleg er eg på stova og kjøkken og hjelper til med mat og står til teneste for brukarane med prat, aktivisering eller bare ei hand å halde i.
Men etter to månader kjenner eg at smertene aukar i rygg og hofteregionen og eg sjølv er viss på at det ikkje går at eg skal jobbe som ein person på avd. Når vi berre er to der er det ikkje høve til å sette seg ned når ein har trong for det. Eg kan ikkje seie til den andre på jobb at eg må legge meg ned på for angsten kveler meg nett no. At eg kjenner på angsten er ikkje det verste. Den overlever eg med teknikkar eg har tileigna meg opp i gjennom åra. Nei, det verste er å svikte. Svikte ein kollega fordi eg ikkje er i stand til å stå ut løpet 100% .
Siste røntgen syner heldigvis at det ikkje er endringar i hofte og bekken, men i korsryggen er det slitasje. Det stemmer med dei MR-bileta som vart tekne for over eit år sidan , og som syner at det er trangt for nerverøtene eit par-tre stadar.Dette fører til at smertene er og blir kroniske og at eg vert ikkje noko betre av å gå i arbeid der eg må pleie andre. Eg veit det godt sjølv og utfordringa mi er å overbevise sakshandsamar på NAV og arbeidsgjevar at dei må finne ei anna løysing for meg. Eg veit godt at eg kan vere til nytte i miljøet på ein sjukeheim sjølv om eg ikkje kan ta dei tunge taka og dette trur eg at arbeidsgjevar og ser. Men, det er alltid penger som styrer kva tilbod dei kan gje til utbrende, sletne hjelpepleiara. Den tanken gjer meg motlaus og nedstemd. Eg kan ikkje sjå at dei kan gje meg noko anna val enn å gå ein anna veg. Nett no ser eg ikkje kor den vegen skal gå.