søndag 24. april 2016

Slapp i både kropp og sjel (utmatting)

Det er no ei veke sidan eg vart råka av akutte smerter i korsryggen og dagane har gått til å lindre smerte og auke aktiviteten. Trena hos fysioterapeuten to gangar og i går gjekk eg ein liten fin tur på 2,5 km. Turen vart gjennomført etter ein kamp om å komme seg opp av stolen og ut. Kjende meg rimeleg utmatta før eg gjekk og etterpå måtte eg diverre ta smrtestillande for å finne roen. Som forventa det då.
I dag vakna eg av smerter i korsrygg, hofter og nedover knea. Fekk meg ut av senga og ned trappa. Kokte kaffe og egg til søndagsfrukosten og kosa meg fram til at eg kjende at utmattinga slo til att. Sjølv om eg tok meg saman og fekk på meg klede og sko for å gå ein tur så vart det berre verre. Det var berre å finne pleddet for å sette seg i stolen og la det berre flyte. Tre timar sov eg og vart slett ikkje vaken og klar av det. Gjekk ut i sola ei stund, men det gjorde det ikkje betre. Kjenner meg heilt tom for energi trass i at eg har ete sunt og drukke nok vatn. Det er ikkje noko ny oppleving men eg blir like frustrert kvar gong det skjer. Veit at dette er ein av dei tinga som fylgjer etter periodar med sterke smerter. Kroppen gjev klar melding om at no er det nok. Sjølv meiner eg også at no er det nok, men eg må berre godta at slik er det utan at eg gjev meg heilt over av den grunn. Må berre jobbe meg opp på det nivået som er passeleg for meg. Finne att den gode kjensla av gode dagar.
Nett no gleder eg meg til middag. Kallen steiker andebryst og fløytegratinerte poteter. jau, eg blir godt stellt med.
Ha ein fin søndagsettermiddag og -kveld.

tirsdag 19. april 2016

På`an igjen med korsryggen

Kva skal eg seie? Etter å ha komme i gong med ei viss rutine i aktivitet og trening så smeller det i ryggen og det kjennest ut som det set ein stor spiker i korsryggen. Ei lita rørsle som å løfte eit nettbrett ut av ei veske sette meg langt tilbake og eg er berre fortvila og frustrert. Smertene set meg nesten heilt ut. medan eg venter på at legen min kjem på jobb att i morgon, medisinerer eg meg sjølv med det eg har. Paracet og Paralgin Forte. når eg først sovnar, søv eg godt. Om morgonen vaknar eg av at eg rører litt på meg og då kjenner eg at smerta kjem snikande. Det vert verre utover dagen og tidleg på ettermiddagen må eg berre få i meg eit par Paralgin for å lindre litt. Nei, smertene er ikkje farleg og eg overlever nok. Men, eg vert så uendeleg trøytt og lei av dei. Det er heller ikkje mykje hjelp i å sette seg ned. Må vere litt i aktivitet, så no er jobben min å finne ut kva eg kan klare. I morgon skal eg i terapibassenget og røre litt på meg der. Sjå om det er greit å symje nokre meter for så å legge meg litt i boblebadet og få testa ut nokre musklar. Torsdag er det fysioterapeut igjen. I går vart det ikkje trena, men eg låg ei god stund med straum som lindra godt. Neste gong skal eg prøve å sykle litt att for etterpå og få ein dose til med straum.
Eg veit godt at dette er slik som vil dukke opp med jamne mellomrom og det er berre å ta krigen slik at eg kan komme meg ut att og opp i fjellet. Det er målet mitt.

torsdag 7. april 2016

Å ta ei avgjerd for framtida og tru på den

Har no vore vekk frå arbeid eit par månader og tykkjer det er greit. Ja, eg har det betre med meg sjølv når eg kan styre dagen som det passar meg. Det er deilig å sjå på kalendaren at eg berre har eit par tre ting sam skal gjerast i løpet av ei veke. Det er godt å kunne reise heim att og dra teppet over hovudet når ein har kjempa mot utmattinga eit par timar. Det er også ei lette at eg kan stokke om på aktivitetane så dei kan utførast når eg er i stand til det. I går var eg hos tannlegen og etter ein halv time anspnt og svett i stolen var eg heilt køyrt og måtte droppe svømminga som egentlig var planen. Den kan eg faktisk prøve å utføre i dag.
Kvar dag tenkjer eg på korleis eg kan leve best og konklusjonen min er at det er slik som eg har det no. Når eg møter att sakshandsamar på NAV vil eg fortelle at eg ynskjer å søke om uføretrygd. Der. No har eg skreve det: Søke om uføretrygd. Eg veit at då kan eg styre livet mitt mykje betre og ikkje kjenne meg pressa til å prøve nye ting fori andre seier eg skal gjere det. Er sikker på at eg då kan finne meg ein liten jobb eller ein god aktivitet som eg kan putte inn i kalenderen og få kvardagen min til å fungere på ein god måte. Ja, slik vil eg ha det. No har eg tatt ei avgjerd som vil gjere meg godt. Berre nokon vil høyre på meg og sjå det frå mi side.