tirsdag 26. januar 2016

Å sjå frisk ut er eit lurt triks.

Eg las ein gong eit blogginnlegg der forfattaren skreiv om det å spele frisk når ein kjende seg utsleten og låg nede for telling. Når ho møtte kvardagen utanfor døra var det når ho kjende seg klar for det og kunne gjennomføre ein dag eller kveld i lag med kjende og kjære. Det var sjeldan at nokon andre enn dei næraste såg ho på dei dårlege dagane. Slik er det med meg også. Når eg er i lag med andre tek eg fram den indre styrken og brukar energi på å vere blid og i møtekommen. Det er slik eg ynskjer å vere.
Slik vil eg også vise meg ute og møte andre menneske. " Du er så blid og sprudlande", "Der kjem sola", "du ser så bra ut" er utsagn eg likar å høyre og kjenner at det faktisk gjer meg godt, sjølv om eg er full i paracet og gnagande smerter. Det lindrar. Eg må gje noko for å få att. Smiler og ler for å få kjenne på det positive frå menneska rundt meg. Det er eit triks eg har lært meg gjennom dei siste åra.
Men av og til er det også greit å labbe rundt i pysj og tjukkesokkar og å kvile seg under teppet med mediterande musikk i bakgrunnen.
Slik går no dagane.





lørdag 23. januar 2016

Smellen kom.

Så kom smellen!
Siste vakta var utruleg tung og eg er glad eg var på ei avdeling der vi er to personar. Torsdag var det legetime og eg datt heilt i hop. Null krefter og mentalt heilt tom. Heldigvis har eg notert ned stikkord den siste veka om kva eg ville snakke med legen om så han fekk god forståing over situasjonen min. Ja, han hugsa at slik har eg hatt det før og foreslo at vi skulle vere litt lure no og ta det onde med rota med ein gong. Så no er eg sjukmeld i tre veker slik at ny omgamg med betennelsedempande kan få virke og at eg kan få overskot til å ta vare på meg sjølv.

Har allerede utført første punkt på planen som var å gje nav-handsamaren min beskjed om situasjonen og snakka med arbeidsleiar om det kan vere mogleg å gjere andre oppgåver ei stund medan eg arbeider for å komme meg i jobb att. Skal eg halde fram med det arbeidet eg har no så trur eg at eg øydelegger meir for meg sjølv enn kva godt er.

Set no med smerter frå tåspissane og opp i nakken. Kjennest ut som eg går på klinkekuler og eine beinet skriker frå hofta og ned. Handledd og fingrar er også med i det koret. Ryggen gjev også beskjed visst eg ikkje er forsiktig nok med rørslene.

Eg skriv ikkje dette for at de skal synst synd på meg, for det ynskjer eg i alle fall ikkje. Eg veit at det er mange som har det verre enn meg. Trass alt så døyr eg ikkje av smertene. Det er ikkje farleg med smerter og vondter. Men det er så forbanna sletsamt! Eg kjenner på frustrasjonen og har trong for å skrike ut at eg synst det er for jævlig at eg skal slite meg gjennom dagane.

Tre veker sjukmelding kan kanskje gje meg eit "kvileskjær" så eg kan hente meg innatt. Denne helga tek eg det med ro. Måndag er det fysioterapi og seinare i veka tenkjer eg at det vert å besøke eit varmt basseng. Har også gåvekort på spa som skal brukast. Ønskjer også at været kan bli litt stabilt slik at eg kan komme meg ut å gå litt på skogsvegar rundt om. Ta nokre bileter.

Meditasjon i naturen gjer verkeleg godt.
 Uansett så skal eg i alle fall ta tilbake det gode livet.












fredag 1. januar 2016

Ettertankar og refleksjonar

Nok eit år er gått. Ting har skjedd fort og det har gått framover. Ja, på papiret har det gått framover, Men nett no kjenner eg det som at ting er i ferd med å snu. Smertene aukar og utmattinga slår meg oftare ut. Kjem meg ikkje ut å gå og vegen til treningssenteret er blitt lang.
Når eg set meg i bilen etter vakta har eg mest lyst å grine fordi eg endå har ein halv time før eg er heime og kan ta meir smertestillande som gjev god effekt.
1. juli starta eg i 50% løna arbeid på avd. for mennesker med demens etter å ha gått på atbeidsutprøving sidan februar. Det går opp og ned som forventa, og enkelte dagar forstår eg ikkje kvifor eg har stått opp og reist på arbeid. Takka vere tålmodige og flinke medarbeidara kjem eg meg gjennom dagane på ein grei måte, stort sett. Men framleis strevar eg med å be om hjelp og avlastning til ting for ikkje å vere ein byrde.
Brukar ein del energi på å delta i arbeidslivet og då går det sjølvsagt utover sosiale ting som trening og deltaking på ymse ting som skjer i bygda. Det eg saknar mest er omgang med gode vener og ikkje minst grandtanteungar. Eg tek vare på kvar ei stund eg orkar å vere med familie og vener.
Eg er heldig som har ein god ven i mannen min, Ole, som tek meg med på små helgeturar nokre gonger i året, enten det er Bergen, Ålesund, Kalvåg eller Florø. Viktig å få komme seg vekk å oppleve heilt andre ting enn kvardagen. Gutane er også viktige for meg og god medisin når eg ser at dei har det bra.
Innser òg at alderen tek meg att, sjølv om eg i haudet ikkje klarer å henge med der. Ser at vener og kjende mister foreldre, ektefeller, born og at nokre strevar med sjukdom og kjempar kampar som kan vere umoglege å vinne. Eg heiar på dei som slest for livet og sørgjer med dei som set att med sorg og tap. Eg er heldig som har foreldra mine endå og at mine førebels er spart for store lidingar.
Det er dagar eg ikkje orkar å tenkje på andre enn meg sjølv og er frustrert og fortvila over at eg ikkje klarer betre. Krav og forutsetnader er slett ikkje i balanse. Nav ynskjer sjølvsagt at eg skal presse meg og prøve ut meir når det gjeld arbeid, men eg veit at eg har ikkje meir å gå på. Halv stilling kan i periodar vere i overkant for meg.
I dag er det første dagen i eit nytt år og eg velger å sjå framover å gjere det beste ut av dagane. Må sørge for at det ikkje vert for stor pris å betale for å tilfredstille andre enn meg sjølv.

Ynskjer alle eit godt år i 2016.