torsdag 15. juni 2017

Å søke om uføretrygd er litt skummelt

I dag har eg vore i samtale med sakshandsamaren min på NAV. Det i seg sjølv er heilt ufarleg. Vi har hatt ein fin dialog og ho har følgt meg på vegen med utprøvingar, tilbakefall og sett at eg har sette meg opp på hesten igjen. Konklusjonen etter ei kort oppsummering av dei siste fire åra på aap (arbeidsavklaringspengar) er kort og greitt at det er tid for å søke om uføretrygd. Ikkje fordi at eg manglar kompetanse og kunnskap til å gjere ein god jobb, men rett og slett for at helsa ikkje held i arbeidslivet. Og det er sant. Slik er det. Eg har prøvd nok, slete nok og sett at dette er løysinga.
Kjenner at eg er litt letta for at eg har full støtte både frå NAV sin representant og fastlegen. Samstundes kjenner eg litt på det skumle som no skjer. Alltid litt skummelt når livet tar ein sving og byter retning mot noko nytt. Jaja, nytt og nytt. Eg har vel eigentleg god trening til å fylle dagane mine med passelig aktivitet og kvile. Det skal ikkje bli ein kvardag i sofaen eller stolen. Dagane skal fyllast med gode aktivitetar. Eg kan så mykje og har så mange ting eg kan gjere på: Strikke, lese, trene styrke, mosjonere, svømme, fotografere og spele golf. Putlar også med å finne ut av søm og lappeteknikk. Så er det å halde fram med å få med seg kulturelle augneblink som litteraturkveldar, strikkekafè, konsertar og teater. Livet ligger framfor meg sjølv om eg innan ei viss tid får uføretrygd og honnørkort.

mandag 24. april 2017

Golf som trening og motivasjon

Eg vil berre nemne at eg gjekk på golfkurs i fjor vår for å sjå om dette kunne vere eit alternativ for meg når det gjelder mosjon og vedlikehald av kroppen. Forbausande nok fann eg ut at eg kan like denne aktiviteten. Etter at eg forstod at eg ikkje trenger å jage rundt bana for å få ballen ned i 18 små hol, men sjølv kan spele etter ferdigheiter og dagsform blei det faktisk moro. Klarer eg berre 4 hol ein dag så gjer det ingenting, for eg har vore ute i frisk luft. Klarer eg 9 hol på 2,5 eller 3,5 timer så er eg kjempestolt sjølv om eg stryker på 7 hol. Er endå ikkje så god på å telle på poeng og rekne ut resultat etter handicap. Men det er ikkje så viktig for meg. Det er opplevinga av å klare det eg har lært på kurset og øvd på før eg går ut på bana. Det tok tid før eg kjende at eg fekk forståing for spelet og eg jobber med saka.
På toppen av alt kjem den sosiale biten av spelet. Av og til går eg aleine for eg kjenner at det er det eg trenger og av og til i lag med andre. Det eg gleder meg mest til i sesongen som ligg framføre er det å gå på bana i lag med ein blid gjeng med "gladgolf"-damer ein gong i veka.
Det eg vonar er at fleire som ikkje kjenner seg så trygge på spelet og bana denne våren kan blåse støvet av køllene som står i garasjen eller som fersking melde deg på eit kurs for å sjå kva dette er. Det er rett og slett eit spel og naturoppleving for folk flest.