onsdag 3. januar 2018

Glidande over i nytt år

Nytt år. Ny syklus. Overgangen går saumlaus inn i den absolutt kalde delen av året. Skroget knirkar av stive musklar og ledd som protesterar på dette. Det absolutt beste er roligheita under eit godt og varmt pledd. Er i dvalemodus og let verda utafor flyte forbi utan at eg gjer noko får å sige med. Eg henger etter og tenkjer at det er tidsnok å hive seg på når vær, føre og form er blitt betre. Framleis under ei evig utredning for å finne ut kva som gjer til at kroppen min reagerer med forhøga verdiar på kalprotektin og låge verdiar i jernlageret. Mage og tarm er undersøkt. Refluks, mellomgolvsbrokk og kronisk magekatarr. Ikkje funn i tarmane etter undersøkingane. Venter og ser. Utmatta og nett no rimeleg lei av å vere i dårleg form. Jobbar kvar dag med å finne motivasjon til å komme meg i bassenget og trening igjen. Det er eit slit.

torsdag 15. juni 2017

Å søke om uføretrygd er litt skummelt

I dag har eg vore i samtale med sakshandsamaren min på NAV. Det i seg sjølv er heilt ufarleg. Vi har hatt ein fin dialog og ho har følgt meg på vegen med utprøvingar, tilbakefall og sett at eg har sette meg opp på hesten igjen. Konklusjonen etter ei kort oppsummering av dei siste fire åra på aap (arbeidsavklaringspengar) er kort og greitt at det er tid for å søke om uføretrygd. Ikkje fordi at eg manglar kompetanse og kunnskap til å gjere ein god jobb, men rett og slett for at helsa ikkje held i arbeidslivet. Og det er sant. Slik er det. Eg har prøvd nok, slete nok og sett at dette er løysinga.
Kjenner at eg er litt letta for at eg har full støtte både frå NAV sin representant og fastlegen. Samstundes kjenner eg litt på det skumle som no skjer. Alltid litt skummelt når livet tar ein sving og byter retning mot noko nytt. Jaja, nytt og nytt. Eg har vel eigentleg god trening til å fylle dagane mine med passelig aktivitet og kvile. Det skal ikkje bli ein kvardag i sofaen eller stolen. Dagane skal fyllast med gode aktivitetar. Eg kan så mykje og har så mange ting eg kan gjere på: Strikke, lese, trene styrke, mosjonere, svømme, fotografere og spele golf. Putlar også med å finne ut av søm og lappeteknikk. Så er det å halde fram med å få med seg kulturelle augneblink som litteraturkveldar, strikkekafè, konsertar og teater. Livet ligger framfor meg sjølv om eg innan ei viss tid får uføretrygd og honnørkort.

mandag 24. april 2017

Golf som trening og motivasjon

Eg vil berre nemne at eg gjekk på golfkurs i fjor vår for å sjå om dette kunne vere eit alternativ for meg når det gjelder mosjon og vedlikehald av kroppen. Forbausande nok fann eg ut at eg kan like denne aktiviteten. Etter at eg forstod at eg ikkje trenger å jage rundt bana for å få ballen ned i 18 små hol, men sjølv kan spele etter ferdigheiter og dagsform blei det faktisk moro. Klarer eg berre 4 hol ein dag så gjer det ingenting, for eg har vore ute i frisk luft. Klarer eg 9 hol på 2,5 eller 3,5 timer så er eg kjempestolt sjølv om eg stryker på 7 hol. Er endå ikkje så god på å telle på poeng og rekne ut resultat etter handicap. Men det er ikkje så viktig for meg. Det er opplevinga av å klare det eg har lært på kurset og øvd på før eg går ut på bana. Det tok tid før eg kjende at eg fekk forståing for spelet og eg jobber med saka.
På toppen av alt kjem den sosiale biten av spelet. Av og til går eg aleine for eg kjenner at det er det eg trenger og av og til i lag med andre. Det eg gleder meg mest til i sesongen som ligg framføre er det å gå på bana i lag med ein blid gjeng med "gladgolf"-damer ein gong i veka.
Det eg vonar er at fleire som ikkje kjenner seg så trygge på spelet og bana denne våren kan blåse støvet av køllene som står i garasjen eller som fersking melde deg på eit kurs for å sjå kva dette er. Det er rett og slett eit spel og naturoppleving for folk flest.


lørdag 26. november 2016

Førjulstida er her

💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛

Snart 1.søndag i advent og ei lita veke til vi skriv desember. Fine, flotte månaden der ein kan pynte, tenne lys og sette pris på glitter og stas. Nokon meiner at det er tidleg å starte med julepynten no, men eg har lært meg at det er lurt å komme i gong på desse tider. Ta litt for kvar dag så slepper ein å stresse. Det eg verkeleg likar i adventen er å gå på kafè og kose meg med kaffe og slå av ein prat med andre som har like god tid som meg. Berre ein er i form til det. For tida sliter eg med ryggen og hoftepartiet. Føtene er eitt kapittel for seg og kan til tider vere svært frustrerande. 1.desember skal eg på MR på Curato i Bergen og det skal bli spennande å sjå kva dei kan finne der. Sjølv om eg får svar forventar eg ikkje noko hjelp. Kan hende at bileta syner at eg har trong for spesialsålar og sko. ortopedane og spesialistane veit det, men NAV er ikkje overbevisste.
Smertene er den største utfordringa uansett kvar dei set. Det går på paracet om dagane og Paralgin forte på kvelden. I tillegg prøver eg no Circadin (Melatonin) for å sjå om det kan hjelpe på svevnen. Eg er ikkje sikker. Kan hende dei gjer det. Men, uansett så skal eg kose meg med å førebu julefeiringa sakte, sakte.



💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛💛

mandag 12. september 2016

Livet er eigentleg bra

Det har vore ein fin sommar med mange gode stunder og opplevingar både på tur og her heime. Nedturane har vore der, men dei har eg takla bra, synst eg. Blitt flinkare til å ta dagane som dei kjem.
Det nye sidan sist er at eg har gått på kurs og byrja å spele golf. Ja, tru det eller ei. Eg har oppdaga at golf er ein fin aktivitet. Innser at rygg og føtter er svært utsett på fjellturar og det er eit større slit for meg å nå måla og toppane. På golfbana kan eg gje meg når eg kjenner at nok er nok og reise heim sjølv eller at nokon kan hjelpe meg med det. Sosialt er det også. har møtt mange fine mennesker i vår og sommar og kosar meg på gode dagar. At eg ikkje får til alt på ain gong gjer meg heller ikkje noko, men eg vert frykteleg frustrert når eg planlegger å gå med damene og utmattinga slår meg ut. Som i dag. Det er fint vær og bana er flott og alt låg til rette for ein fin ettermddag/kveld. For meg vart det stolen under teppet, med ein kropp som ikkje funkar på noko måte. Det verste er at eg eg kjenner at eg sviktar dei andre når eg har planlagd dette og ikkje møter opp sjølv. Den kjensla er slett ikkje god.
På den andre sida så veit eg at eg er vaksen nok til å ta mine eigne avgjereder å kjenne på kva eg orkar eller ikkje.
Det som tek kreftene mine no er smertene på og under føtene. Plantar faciitis, artrose og tverrplattfot i tillegg til ting eg ikkje kan namnet på er noko utfordrande for tida. Dette er noko eg har og må takle det på mitt vis. I dag er eg sur, i morgon er det sikkert lettare. Er ikkje godt å vete.


søndag 24. april 2016

Slapp i både kropp og sjel (utmatting)

Det er no ei veke sidan eg vart råka av akutte smerter i korsryggen og dagane har gått til å lindre smerte og auke aktiviteten. Trena hos fysioterapeuten to gangar og i går gjekk eg ein liten fin tur på 2,5 km. Turen vart gjennomført etter ein kamp om å komme seg opp av stolen og ut. Kjende meg rimeleg utmatta før eg gjekk og etterpå måtte eg diverre ta smrtestillande for å finne roen. Som forventa det då.
I dag vakna eg av smerter i korsrygg, hofter og nedover knea. Fekk meg ut av senga og ned trappa. Kokte kaffe og egg til søndagsfrukosten og kosa meg fram til at eg kjende at utmattinga slo til att. Sjølv om eg tok meg saman og fekk på meg klede og sko for å gå ein tur så vart det berre verre. Det var berre å finne pleddet for å sette seg i stolen og la det berre flyte. Tre timar sov eg og vart slett ikkje vaken og klar av det. Gjekk ut i sola ei stund, men det gjorde det ikkje betre. Kjenner meg heilt tom for energi trass i at eg har ete sunt og drukke nok vatn. Det er ikkje noko ny oppleving men eg blir like frustrert kvar gong det skjer. Veit at dette er ein av dei tinga som fylgjer etter periodar med sterke smerter. Kroppen gjev klar melding om at no er det nok. Sjølv meiner eg også at no er det nok, men eg må berre godta at slik er det utan at eg gjev meg heilt over av den grunn. Må berre jobbe meg opp på det nivået som er passeleg for meg. Finne att den gode kjensla av gode dagar.
Nett no gleder eg meg til middag. Kallen steiker andebryst og fløytegratinerte poteter. jau, eg blir godt stellt med.
Ha ein fin søndagsettermiddag og -kveld.

tirsdag 19. april 2016

På`an igjen med korsryggen

Kva skal eg seie? Etter å ha komme i gong med ei viss rutine i aktivitet og trening så smeller det i ryggen og det kjennest ut som det set ein stor spiker i korsryggen. Ei lita rørsle som å løfte eit nettbrett ut av ei veske sette meg langt tilbake og eg er berre fortvila og frustrert. Smertene set meg nesten heilt ut. medan eg venter på at legen min kjem på jobb att i morgon, medisinerer eg meg sjølv med det eg har. Paracet og Paralgin Forte. når eg først sovnar, søv eg godt. Om morgonen vaknar eg av at eg rører litt på meg og då kjenner eg at smerta kjem snikande. Det vert verre utover dagen og tidleg på ettermiddagen må eg berre få i meg eit par Paralgin for å lindre litt. Nei, smertene er ikkje farleg og eg overlever nok. Men, eg vert så uendeleg trøytt og lei av dei. Det er heller ikkje mykje hjelp i å sette seg ned. Må vere litt i aktivitet, så no er jobben min å finne ut kva eg kan klare. I morgon skal eg i terapibassenget og røre litt på meg der. Sjå om det er greit å symje nokre meter for så å legge meg litt i boblebadet og få testa ut nokre musklar. Torsdag er det fysioterapeut igjen. I går vart det ikkje trena, men eg låg ei god stund med straum som lindra godt. Neste gong skal eg prøve å sykle litt att for etterpå og få ein dose til med straum.
Eg veit godt at dette er slik som vil dukke opp med jamne mellomrom og det er berre å ta krigen slik at eg kan komme meg ut att og opp i fjellet. Det er målet mitt.