lørdag 28. november 2015

Innfløkt fotproblematikk.

Det nærmar seg at eg har vore eit halvt år i ordinært arbeid, 50% stilling som hjelpepleiar på skjerma eining etter nær 3 år utanfor arbeidslivet grunna smerter og det som følgjer med. Har kjent glede over å ha ein jobb å gå til og å vere saman med gode og flinke kollegaer i eit fagleg miljø. Har fått ei fenomenal støtte av apparatet rundt meg som lege, sakshandsamar i nav, fysioterapeuter, samtalepartnara og arbeidsleiara som har lagt til rette for at eg klarar dette.
Som eg tidlegare har skreve er kvardagen fylt av utfordringar med stivheit, smerter, utmatting og det som følgjer med. Dette er ting som eg har lært meg å leve med på eit vis, men strevar mykje med å finne balansen mellom aktivitet og kvile. Gjer så godt eg kan for å gjere dagane lettare og no er det føtene som er den største utfordringa. Har vore hos ortopedingeniør og fått tilpassa nye sålar og søkt om støtte frå nav til desse. Trakkar mykje på jobb og det kjenner eg godt etter avslutta vakt med smerter frå tærne og opp i rygg, skulder nakke. Ja, heile dama er smertepåverka og utmatta etter to vakter. Sålane har eg fått for å førebygge/forseinke vidare utvikling av lidingane i føter og tær der det er påvist artrose og Mortons nevrom m.a.
Men, får eg refundert utgiftene til sålane? Nei! Deformatitetane i føtene er for små i høve til kravet for å få det dekka.
Slik eg forstår det vert ikkje førebyggande tiltak refundert gjennom folketrygda. Det forundrar meg. Skal eg då heller la vere å kjøpe meg desse sålane og la det gå så langt at føtene vert deformerte og endå vondare slik at eg vert fullt ufør?
Vel, så langt har eg lag ut 3000 kr. på sålar og 4400 på sko og har ein formeining om at dette er småpengar i høve til kva eg vil koste samfunnet som fullt ufør og avhengig av refusjonsbare hjelpemiddel. Den dagen kjem nok, men ein kan vel utsette det med å sette inn tiltak der ein kan gjere det?
Stort sett er eg nøgd med den hjelpa og tilboda eg har fått for å komme meg i arbeid, men dette siste vesle tiltaket som er ein dråpe i havet, kan føre til at ting vil stoppe opp i nærare framtid enn naudsynt. Sukk!