mandag 18. mars 2013

Friele Senseo


Kva kan få ei 50 år gamal kvinne til å sjå så fornøgd ut?
Jau, denne sjølvsagt.
Ein kopp med Friele sin Senseo kaffe.


søndag 17. mars 2013

Rekonvalesent


Set heime i sofaen for tida for å kome meg etter ein plastisk operasjon på magen. Tatt vekk overflødig hud etter kraftig vektnedgong. De kan lese om fedmeoperasjonen på bloggen min HER.
Nokon vil vel tru at eg har valgt enkle vegar for å nå målet om den perfekte figur, men slik er det ikkje. Eg har no runda 50 år og og i nesten halvparten av livet mitt fram til 45 let eg kroppen min forfalle. Det enda med ei livsfarleg overvekt som gav meg mange tilleggslidingar som snart kunne gjere ende på meg. 
Det var eg sjølv som måtte ta tak og det hasta. Difor valde eg operasjonen i 2010 og har sidan 2008 kjempa for å  forlenge livet mitt. Eg har klart det. 
Den negative konsekvensen vart huda som vart til overs. Sjølv er eg ikkje så ille plaga av det, med unntak av at under "henget" vart det fuktig, sårt og lett for å danne seg sopp og infeksjonar. Passa eg ikkje på å halde det tørt og reint blei det for smertefull og ubehageleg. Difor søkte eg om hjelp til å få vekk "henget" og fekk det innvilga med støtte frå det offentlege. Eg er veldig takknemlig samtidig som eg veit at dette har eg jobba for og fortener at kvaliteten på kvardagen og livet har auka. Om ikkje figuren min nokon gong vert perfekt sidan eg endå har noko overfødig hud her og der så trur eg livet mitt nærmar seg det perfekte for meg.



fredag 8. mars 2013

Sofakrøll på E39


Av og til kan ein komme opp i merkelege situasjonar. Å nesten køyre på ein sofa på hovudvegen, E39, var på grensa til det absurde. Eg vil tru at det såg noko sprøtt ut for forbipasserande trafikk at to vaksne damer bar på ein sofa på vegen i mørkna. Men det som er merkeleg her er at ingen stogga og fekk den ut av vegen så den ikkje var til fare for nokon. Men alt i alt hadde Ingunn og eg ei selsom oppleving på veg heim frå symjing.


De kan lese om det i FIRDA også.


fredag 1. mars 2013

Første dagen i mars

Det er første dagen i mars og med litt godvilje kan eg ane eit lite teikn til vår. Har vore hos legen og er framleis sjukmeld for fullt. Kjennes ut som det er heilt rett. Tidleg på dag er det stille i Førde og eg set på ein kafé med ein kopp kaffe før eg skal til fysioterapeut.
Dette er min 1.mars. Dagen for ettertanke, aleine, over ein kopp kaffe. 
Det er heilt greitt.