tirsdag 22. april 2014

Når sevja stiger

Det vakre vårværet som er no desse dagane gjer til at kroppen min letnar. Kjenner at eg kan fungere betre enn før. Større rørlsefridom på musklar og ledd. Fysioterapeuten påpeika dette i dag at ho merka stor skilnad frå tidlegare i vinter. Humøret mitt er også meir på det jamne og eg kjenner at eg har meir energi og lysta er større til å vere aktiv. Men, ja, det er eit men her også. Auka aktivitet gjer til at eg belaster ryggen meir og det er der eg merkar at alt er ikkje heilt på topp. Vert påminna med murring ned i der om å vere noko rasjonell i rørslene når eg går. Kan hende eg bør vere flinkare til å bruke stavar når eg skal gå i bratt terreng. Er heller ikkje fri frå smertestillande, men i perioder kan eg klare meg med lite. Nett no er det ein slik periode. Gje den blir lang. Uansett så skal eg nytte denne tida med aktiviet og trening i skog og mark. Det er balsam for sjela.

mandag 7. april 2014

Når tankane vert gøymde.

Det fine vårværet vi har om dagen motiverer meg til å gå lange, fine turar. Det er då det kjem mange tankar. Gode og dårlege tankar om ting som eg har opplevd og korleis livet har vore og korleis eg vil ha det framover. Mange gonger smiler eg godt og nokre gonger kjenner eg gråten komme. Problemet mitt er at det er ikkje alltid eg hugsar kva eg har tenkt på sjølv om eg kjenner på meg at det er gode idèar, minner og refleksjonar som har svirra rundt i hovudet under turen. Kanskje eg skulle ta fram telefonen å skrive ned noko av dette, men då vil det bli ein svært oppstykka tur og opplevingane av den forsvinner inn i tasting og tenking. Samstundes er det mykje av det som dukkar opp som ikkje skal komme fram at fordi det er negativt og destruktivt. Det meste av det negative ein har opplevd skal ikkje fram att. Eg vil tenkje på det som isbitar som etterkvart vil smelte vekk, fordampe, dette ned at som regn ut på det opne hav, blande seg med dette og på denne måten vatnast ut til ingenting.
Det som slår meg er at uansett kor tankane kjem frå, kor dei fer og kor dei hamnar så handlar det om val. Val om kva eg ynskjer og vil. Midt opp i dette skjer det som eg taklar dårlegast, at ein vegg dett ned framfor meg med dunder og brak og gøymer det eg har tenkt. Den veggen som avgrensar mine val eg har tenkt på. Om den er eit produkt av min eigen tankegong eller om det er andre som setter den ned, kan til tider vere svært forvirrande. Er det smertene? Er det angsten? Er det omgjevnadane?