søndag 15. mars 2015

Magisk musikalsk augneblink

Der stod han framføre meg med sin raude gitar og song seg inn i hjarta mitt.
Orda flaumde som nordlysflammar inn i mellom tonane og stemma hans bar raspande og sår i mot meg. Undrande let eg meg drage inn i det mørke biletet han teikna og kjenner meg att i eit skymt landskap som legger seg rundt meg som ei kappe. Ei varm kappe farga med nattehimmelen sitt blåsvarte lys og stjerner som blinkar i stilla. Noko klemmer om brystet mitt å gjer det vanskeleg å pusta. Det er angsten som kjem. Angsten for at dette magiske augneblinket skal ta slutt og kvardagen slå meg i magen. Eg held fast men må sleppe taket, late opp auga og sjå at vi er her i eit rom i eit hus med vegger og tak. Det er andre mennesker rundt som tek plass mellom meg og mi makelause musikalske oppleving. Det er kaldt ute i natta, men eg kjenner det ikkje for eg er kledd i ei varm blåsvart kappe. Den tek eg med meg for å ta den fram når eg kjenner at eg trenger å flykte inn i eit skymt landskap for å kjenne varmen og dette augneblinket ein gong til.

fredag 13. mars 2015

Mitt livs strikkety

I starten har nokon lagt opp maskene for deg slik at du kan gå vidare maske for maske. Etterkvart vil du oppleve at du møter knutar som må knytast opp og nokre gonger mister du maskar som må plukkast oppatt. Det hender også at du har strikka langt opp på arbeidet og du ser at du har gjort ein feil lenger nede. Då må ein rette på dette med å rekke opp til ein kjem ned til feilen å starte på nytt frå der. Av og til raknar det utan at vi har kontroll på det og vi må be om hjelp for å få ordna på det for å halde fram som før. Når vi nærmar oss enden på arbeidet kan vi sjå at det er små skilnader etterkvart som vi har gått fram med arbeidet. Lyse og mørke tonar etter kva trådar vi har hatt i korga og korleis dagane har vorte.
Har no sett at eg må putte fine friske fargar i korga mi og halde fram med arbeidet mitt. Sjølvsagt kjem det knutar, maskefall, opprekkingar og omattstart. Men eg ynskjer at mitt livs strikkety skal bli bra.Eg må berre passe på å ha vakre fargar i korga mi.