onsdag 21. mai 2014

Styrke og motivasjon

Det er vår og snøen kryper vekk frå fjella så det er mogleg å komme seg opp i høgda på skikkeleg vis. Idrettslaget i Jølster si fjelltrimgruppe har plukka ut ti støylar og fjelltoppar som postar for årets fjelltrim, og etter kvart vert desse merka og flagg og holtang vert sett ut. Det er 10 flotte turar der dei fleste er overkommeleg for meg. Eg har som mål å fullføre minst 7 av dei for då får ein ein liten premie som prov på at ein har klart desse. Det motiverer meg. Eg har to stykker frå før og kjenner stoltheit kvar gong eg ser på dei.
I fjor klarte eg alle 8 postane eg hadde sett meg ut før prolapsen slo til og det har vore eit stykke å gå fram til der eg er no. Den gamle styrken har eg ikkje nådd att, men eg meiner at eg skal klare premien i år berre eg tek meg tid og går på gode dager i pent vær.
Har vore på ein fjelltur i lag med bror, søster og svoger tidlegare i vår. Den kan de lese om HER. I går var eg med ein gjeng som går fjellturar om tysdagane og det kan de sjå meir om HER.
Nett den turen om tysdagane set eg også stor pris på. Det er ein blid og inspirerande gjeng som likar å gå i skog, mark og fjell og det er nett det eg trenger rundt meg. Blide mennesker med mål for auget å kose seg på tur. Med deira hjelp kjem eg meg også, som med fjelltrimmen, stader eg aldri hadde gjort utan dei. Opplevingane det er å gå i naturen  og å forevige dei med fotoapparatet er ein motivasjon og gjev meg styrke til å halde ut i kvardagen og løfter meg opp frå tunge tankar og gjer til at eg kjenner at eg lever. Sjølv om eg i går kjende at det var hardt for ryggen, beit eg tenna i hop og gjekk på, for eg ville opp på toppen og skrive meg inn i boka som ligger der. Då er det godt å ha motiverande og støttande mennesker i ryggen som hjelper meg til å finne dei indre kreftene og drivet som får meg framover. Eg er heldig som kjenner så mange fine mennesker som ser meg og tar meg for den eg er og ikkje noko meir enn det.



1 kommentar:

  1. Dette høres så hyggelig ut, med en slik gruppe mennesker. Kanskje jeg selv skal prøve å starte en!
    Flott natur du har rundt deg og skulle gjerne vært med deg :-) Lykke til med målet du har satt deg, og ta masse bilder :-)

    SvarSlett