lørdag 8. mars 2014

På leit etter den beste meg.

Etterkvart har ein nådd middagshøgda i livet og levd gjennom tida med småborn og køyret med å få kvardagen til å gå opp med turnus og skiftjobbing. Ikkje nok med det, men ein skulle også vere aktiv med verv både her og der og kjempe kampar for andre mennesker som tillitsvald og verneombod. Når eg tenker tilbake på denne tida veit eg i dag at eg nok hadde gjort nokre ting annleis. Sagt nei til dei verva som ga meg minst og konsentrert meg om jobb og fagforeiningsarbeidet. Det er det eg har vore flinkast til. Dei andre verva og frivillig arbeid var berre halvhjerta og førte difor berre til stress og irritasjon som øydela nattesvevn og helsa.
Kvifor sa eg ikkje nei når nokon spurde/ ba meg om å stille opp?
Eg har gjort meg mine tankar og det ligger vel i at eg har vore pliktoppfyllande, lojal og omgjengeleg- Samstundes var det viktig å vere grundig, nesten perfeksjonist sidan eg i botnen alltid har vore lite sjølvsikker og slete med dårleg sjølvbilete. Det var viktig for meg med bekreftelse, påskjøning og ros for måten eg løyste oppgåvene på som igjen førte til at eg var svært sårbar for stress og dette har enda med at eg vart utbrent og utsett for kroppslege plagar som no har sett seg skikkeleg i systemet.
Eg skal ikkje legge så mykje ut om helsa mi pr. i dag i dette innlegget, men heller skrive om kva tankar eg har om livet mitt og korleis eg vil leve det framover.
Først må eg lære meg at eg ikkje kan bruke meir energi enn det eg har og må bestemme meg for kva eg vil prioritere. No er det å styrke kroppen å finne gode måter på å lindre smertene i ryggen og resten av muskel og skjelettsystemet mitt. Dagane er fylde med å lære meg balanse mellom aktivitet og kvile. Skal heller ikkje bry meg om kva andre meiner og synst om kva val eg tek for å nå måla mine. Må også lære meg å godta at alt kan ikkje vere perfekt. Rett og slett drite i at eg ikkje får til alt like bra. Eg må finne ut kva som er dei gode egenskapane mine og slutte å sette spørsmålsteikn med dei når eg først har tenkt tanken om desse. 
Slik skal eg finne den beste meg og komme meg vidare mot den rette balansen i livet mitt.



søndag 2. mars 2014

God lesnad


Er nett ferdig å lese boka "Kronisk" av Anna Tostrup Worsley som har leddgikt og fekk knust ryggen sin som 21-åring. Fantastisk skreve og gjev innsikt i korleis det kan vere å leve med kroniske smerter. Eg skal ikkje skrive så mykje om henne for de kan sjølve gå til Heimesida "diagnostisert.no" og sjå dette intervjuet frå GMN, tv2:









Etter å lese denne boka veit eg at det er berre eg som kan gjere til at eg kan få ein betre kvardag med å bruke tida til å halde kroppen ved like og smertene lindra.
Som Anna sjølv seier det: 

"Ingen behandling skulle ville ha varig effekt hvis jeg fortsatte å leve på en måte som forverret smertene og utsatte meg for stress og sterke følelsemessige påvirkninger"



tirsdag 25. februar 2014

Slik er det og slik blir det

Endeleg har eg fått møte ein ryggpsesialist. Var på ortopedisk klinikk på Førde sjukehus i dag og fekk vete korleis stoda er med ryggen min. Eg veit jo at det er påvist to prolapsar i tillegg til slitasje og at der er noko trongt for nokre av nerverøtene mine bak i der. Etter at eg vart henvist til spesialist i november har eg jo komt meg litt og har ikkje desse smertene nedover venstre beinet og ut i foten, og har redusert mykje på smertestillande og blitt meir aktiv. Er svært takknemlig for dei to fysioterapeutane eg går til for at dei har hjelpt meg og held fram med dette på ein god måte. Meldinga frå spesialisten var klar: Stort bedre enn det eg er i dag blir eg nok ikkje. Eg må berre halde fram som eg har gjort for å finne balansen mellom aktivitet og kvile. Det vert ikkje meir romsleg for nerverøtene som har det trangt, heller tvert om. Men den dagen eg kjenner smertene i beinet og nedover igjen må eg ta kontakt for ny vurdering. Operasjon no er uaktuellt og det meiner eg også. Så lenge eg kan leve med det og får til å tilpasse livet mitt så skal eg klare dette. Når han gjekk gjennom historia mi fekk òg beskjed om at mine tydelege reumatiske innslag gjorde til at eg burde oppsøke varmen å hente meg inn nokre veker. Jau, skulle gjerne gjort det om lommeboka var noko tjukkare. Terapibassenget får halde så lenge i tillegg til gode ullpledd og sokkar. 
Det er i alle fall greit å vete at det blir slik det er så kan eg gå vidare og gjere det beste ut av det.



lørdag 1. februar 2014

Brei multitasking og dårleg kortidsminne.

Det er ein laurdag utan planar og eg bestemmer meg for å slappe av med ting eg likar å gjere. Med anna strikking. Plukkar fram lubbane eg held på med og ser ned i korga at der ligger det ei halvgjort hue. Den skulle eg kanskje gjort ferdig, ja. Under den ligger det ein påbegynt pulsvarmar i lag med eit lite teppe som eg ville gje til prematuravdelinga når det vert ferdig. Kanskje eg skal ta det fyrst? Ojsann. Der ligger boka som Mariell har skreve, "og me skal bli omskapte", men no har eg starta på Anna Tostrup Worsley si bok "Kronisk" også. Legger bøkene på bordet og der dukkar jammen ei sjølvhjelpsbok om å verte sin eigen sjef opp. Det var sant, den var jo fin å lese. Etter den skulle eg ta føre meg "Solskinnsboka" til Trond Haukedal. Ups! Der dukka boka eg har lånt av Camilla om motiverande samtaler opp òg. Den hadde eg gløymt. Men kva er dette? Det var sant, ja. Eg har begynt på ein gensar til meg sjølv. Hadde visst gjort ein feil opp med halsen så eg måtte strikke meg bakover nokre runder for å få retta det opp. Venter litt med den. Eg får sjekke Facebook og Twitter medan eg tar meg ein kopp kaffe. Der ligger mp3-spelaren som eg skulle ha ny musikk på. Må finne att "Queen"-samlinga i alle fall å få den lagra på pc`en. Næmmen, der er jo Abba også. Dei må eg òg få inn på. Skulle ha sett opp att "Mamma Mia"-musikalen også. Kor ligger den DVD`en? Finner den i lag med ein sesong "NCIS" som eg ikkje har sett. Det minner meg på at eg skulle ha fått med meg ein episode til av "Fringe" på Netflix og opptaket av "Game of Thrones" på Tv`en. Og der ligger Digibokspelaren med "Politi" av Jo Nesbø. Bevares! Kva skal eg finne på?
Slik vert det når ein gløymer kva ein driver med. Det er som om kvar gong du går gjennom ei dør så vert tinga du driver med viska ut av hukommelsen og du startar på nye gjeremål. Overgangsalder og fibrotåke er ein svært dårleg kombinasjon. Utsikta for å få oversikt ser ikkje bra ut, nei. Eg tar meg ein kopp kaffe, ein bit kokesjokolade og legger meg under eit teppe. Men gløymer vel det sidan eg må gjennom ei dør for å lage kaffe. Ha ein fin laurdag, alle i hop.



torsdag 30. januar 2014

Tiltak mot kulden

Denne vinteren har jammen vore rar i år. Før jul var det berre regn og varme grader. Den vesle snøen som kom forsvann fort. No har det vore på lag ein heil månad utan nedbør og temperaturen har vore litt under og over null. Heilt i orden for meg, men denne vinden har vore fæl. Den gjer til at det virkar som om det er 20 kuldegrader og ein må kle seg som ein polfarar for å overleve. Kulden sniker seg inn i kroppen og setter seg som smerter i marg, bein og alle ledd. Fyttigrisen kor vondt det gjer når ein stikker nasa ut for døra. Har difor strikka meg nye lubbar og kjøpt meg dynesokkar.
Fotrulle er også komme i hus så her skal ein få i gang blodsirkulasjonen og halde på varmen, ja.


torsdag 9. januar 2014

Velvære og skam

Kvardagen er her og no er det full fokus på jobb nr.1: Å styrke kroppen og psyken. Strever for tida med å komme meg opp på eit greit treningsnivå der eg fint kan balansere mellom aktivitet og kvile utan å nå dei store smertetoppane. Fysioterapeuten finner endå mange ømme punkt og musklar som må løysast på og til det er det ein fin blanding av akupunktur og massasje som har funka best fram til no. I tillegg til dette driver eg med eigentrening med øvingar som han har vist meg. Som regel starter eg økta med å sykle i 25-30 minutt og så har eg nokre enkle styrkeøvingar for mage og rygg. Når terapeuten er ferdig med det han skal gjere hender det at eg dreg til terapibassenget og koser meg i det oppvarma bassenget med å svømme nokre lengder og ei lita økt i massasjebadet. Du verda så trøytt eg er resten av den dagen. Som i dag. Eg har sove mesteparten av ettermiddagen og fram til klokka 20.00 i kveld. Slappar ordentleg av og det har eg berre godt av.
Eg forstår det no at eg må bli flinkare til å take vare på meg sjølv og det er det berre eg som kan gjere. Men likevel plagar det meg at eg skulle ha vore i arbeid i staden for å gå her på denne måten. Sjølv om eg har det fint med å ta vare på meg sjølv er det nett som om det er ulovleg å ha det slik. Ein skal vere i arbeid og ikkje gå rundt på denne måten.  Det er denne skammen som henger over meg heile tida. Det er denne skammen som tapper meg for energi og trykker meg ned etter å ha vore lukkeleg i nokre dagar fordi eg kjenner at kroppen spelar på lag. Så kjem den att......skammen og med den smertene og vonløysa.



mandag 30. desember 2013

Det bratte året.

Det er to dagar att av 2013, det forunderlege året som var fyllt med både godt og vondt. Starta med å møte veggen, tømd for energi og tiltakslyst som gjorde meg nedstemt. Etterkvart kom angsten for ikkje å strekke til verken i jobb eller som medmenneske. Andre før meg hadde teke til fornuft og gått nye vegar i staden for å la seg fange i motløyse og svarte tankar på arbeidsplassen. Etterkvart fekk eg prov for at eg hadde rett. Eg måtte velge meg nye vegar og mål for der eg var er det ingen von om framgang og utvikling.
På vegen mot lysare tider måtte eg overvinne ein del hindringar og jobb nr.1 var å styrke meg fysisk og psykisk. Våren og sommaren har vore fyllt med aktivitet aleine eller i godt selskap. Fleire fjelltoppar og støylar har vore vitja og ny premie for 8 fullførte fjelltrimpostar er på plass i hylla.
Mange fine mennesker er komt inn i livet mitt og gjeve meg ting som eg har mangla: auka sjølkjensle og eit betre sjølvbilete. Men likevel er det enkelte dagar eg gløymer dette og surrer rundt i mørket og finner ikkje vegen ut. Det såg så bra ut alt saman. Var i startgropa på å finne meg ein ny jobb og var klar å melde meg på livet igjen då eg fekk ein ny smell. Ryggen slo seg vrang. Det syner seg at eg har to prolaps og slitasje i korsryggen. Før eg visste kor alvorleg det egentleg var, trudde eg at dette var noko som gjekk over med ro og kvile. Gjekk til kiropraktor og auka litt etter litt på aktiviteten og synst det var godt å komme seg på tur på støylen etter 5 veker i ro. Eit par gode runder i bassenget og var herleg, men det gjorde berre alt vondt verre. Smertene var ulidelige og tunge smertelindrande vart løysinga. MR synte alvoret og her går eg no. Fysioterapi, god balanse mellom aktivitet og kvile og lite vetta smertelindring. trenger ikkje den tyngste medisineringa heile tida, men kroppen murrar heile tida. Ja, eg har smerter i heile kroppen. Kronisk smertesyndrom, også kalla fibromyalgi, har blomstra opp i vinter og eg må ta dag for dag. Det er ikkje slik eg hadde tenkt meg livet etter vektnedgongen. Godt at eg har lært meg å bruke tolmodsknappen. Finner den ikkje kvar dag, men eg trykker på den av og til og brukar tida til å halde meg i gong slik som kroppen funkar den dagen, eller timen.
Frå og med no er eg ein Navar. Gått over på arbeidsavkalringspenger og det livet det fører med seg. Blir vel van med det også slik at eg kan fokusere på kropp og helse å komme meg i gong slik at eg kan rekke nye toppar og tinder når snøven forsvinn til våren.
Eg velger å legge 2013 bak meg som ein test og eit prov på at motgong gjer ein sterk. 
Som bestemor mi, Malla, sa ei gong: "Ein får ikkje større bør enn skuldrane klarar å bere". 
Det trur eg på. 
Eg skal på topp igjen!