Delte stilla og freden ved Jølstra i dag i lag med desse.
søndag 3. februar 2013
fredag 1. februar 2013
torsdag 24. januar 2013
Mot lysare tider
I går kom sola inn i stova og eg fanga augneblinken som varte i litt over ti minutter.
Det gjer så godt at den er kommen her og det hjelper på humøret.
Det er underleg kor avhengig ein vert av lys etter kvart som ein vert eldre. Lengselen etter lyse dagar starter tidlegare og tidlegare. Allerede i oktober hadde eg fått nok av mørke kvelder. I år er det verre en nokon gong og det trur eg har med kulden å gjere. Denne kuldeperioden har vore utruleg lang og eg klikkar meg stadig vekk inn på Yr.no i håp om å sjå at temperturen stiger opp og legger seg rundt 0 i allefall. Det kan vere ein fin vinter om minusgradene ikkje går under 5-talet. Sjølv om det har vore lite snø har kulda vore fin for dei som likar å boltre seg på isen. Det har vore eit fint syn å sjå all aktiviteten på isen med store og små. Sjølv likar eg skøyte like lite som ski så eg held meg til det eg kan: svømming og spinning. Sidan det er så kaldt har eg stort sett drive med inneaktiviteter dei siste vekene. Kroppen min seier at det er det beste for meg.
Medan eg venter på våren og varmen kler eg på meg lag på lag, fangar dei fine augneblinka og legger dei på minnet.
onsdag 16. januar 2013
Mp3-spelaren min.
Eg er veldig glad i mp3-spelaren min. Det er min beste turkamerat når eg traskar i skit og sølevatn på "måutågåturane" mine. Det hender av og til at eg byt ut innhaldet men det siste året har det vore mykje av det samme som har rulla og gått. Når eg ser på innhaldet så er det ganske variert. Hovedsakleg rock av gammal og ny dato. Status Quo sine gamle gode og Bruce Springsteen sine siste. Inn i mellom der finn ein Nightwish og Within Temptation frå gothmetallen og Rita Engerdalen med bluesgitaren. David Garreth med rock på fiolinen sin med symfoniorkester og Queen sin beste. Ja, også Abba.
Dagens Out-Fit
Nesten 50 år og lillablogger.
Denne heildressen er kjøpt på oppkrav frå nettbutikken til Stormberg.
Den held det den lovar. God og varm på kalde vinterdagar.
Er du nesten 50 og har eit koseplagg?
;)
fredag 26. oktober 2012
Vintervegring
Vi er i slutten av oktober og vinteren bankar på døra. Bankar? Han hamrar! Med fine lette snøfnugg på morgonkvisten i går til store tunge flak på to-tre timar, la den seg til og med på hovedvegane og som den første snøen alltid er, sleip og farleg. Her vest er det som oftast 10-12 sludd-/snøfall med regn inn i mellom før den legger seg langt ut i januar ein gong. Det er i denne perioden mellom oktober og medio januar at eg sliter med fråvær av lys og ustabilt vær. Men det er berre å gjere det beste ut av det. Eg har ullunderklede og vindtette ytterklede. Ull til føter, hender, øyrer og hals. Det er då verkeleg ikkje noko heft.
Som mange veit har eg aldri vore noko vintermenneske og har stort sett helde meg inne desse månadane. Slik er eg og slik vil eg fortsette å vere. Ja, eg har gode klede og trenger ikkje fryse og går ut når eg må og til tider vert det ein fottur på godværsdagar. Men, eg har det ikkje på toppaktivitetar. Det som er det gode med slike turar i snø og kulde er å få komme innatt og sette på seg heildressen i fleece og krølle seg i hop med kaffekoppen i neven i godstolen. Det er det som er motivasjonen når eg trakkar i veg.
Ski har eg ikkje og ikkje skal eg ha! Her er ikkje turområder som er heilt flate heile vegen og difor trur eg at eg skal prøve truger. Dei sklir i allefall ikkje og er eit ypperleg treningsapparat skal eg tru dei erfarne.
Men i dag har fri og skal no ut og sope snøen av bilen etter eit par kaffekoppar. Eg har då ein termodress liggande og gode hansker og varme luer.

Og mi største lukke er varme føter.
Abonner på:
Innlegg (Atom)