....er vorten eit utrykk for at det skjer ikkje så mykje nytt. Slik er det med meg også. Smertehelvetet vil ingen ende ta og til tider sprer det seg like godt til nakke og hovudet med. Kiropraktor og lege måtte tenkje litt annaleis når eg vart verre og smertene vart uuthaldelege. Har no fått noko sterkare smertelindrande som eg tar når riene er som verst. Kiropraktoren henviste meg til MR i Bergen og der fekk eg med meg CD som han kikka på før han sende den vidare til radiolog. Han kunne seie med sikkerheit at det er to prolapsar i ryggen, men at vi må vente på svar frå radiologen før ein kunne slå fast kva behandling som skal startast. Er òg henvist til ortopedisk klinikk på sjukehuset og det tar vel si tid før ein kjem til der. I mellomtida er mi oppgåve å finne ein balanse mellom aktivitet og kvile og det synst eg kan vere vanskeleg. Men dagane går med små enkle gjeremål og eg prøver også på små spaserturar langs elva.
Ein kunne tru at eg kjeder meg desse dagane, men det er slik at når ein har vondt og ikkje kan ta i noko større så er det greit å vere litt i ro og tilpasse seg etter situasjonen. Men, eg må innrømme at då eg var med på åpninga av det nye treningssenteret i bygda hadde eg veldig lyst å vere med spinninga og å prøve litt av apparatene der. Eg har meldt meg inn så det det skal ikkje vere lenge før eg kan ta senteret i bruk når eg kan få starte med å trene meg oppatt. Det gleder eg meg til. Berre nokon kan hjelpe meg med å verte kvitt desse drepande smertene.
mandag 28. oktober 2013
lørdag 28. september 2013
Smertehelvetet
Det er no fjerde veka eg går med sterke smerter i bekkenregionen, hovedsakleg venstre sida.
Kjenner at eg er sliten og strever med tålmodet. Siste to vekene har eg kjent på at det har vore framgang, og har gått turar langs elva på grusveg og stier. Til og med på Flugestøylen har eg vore. Har også gjort unda to økter i bassenget med roleg brystsvømming. Men, no har det vore to dagar med sterke smerter igjen og i dag har eg prøvd meg på å vere heilt i ro, men det gnagar og brenn nedover venstre sida. Torer ikkje å ta meir smertestillande enn det eg gjer for eg har teke meir enn kva legen har bestemt allerede.
Ja da, eg er klar over at kroppen min er godt brukt og at eg alltid har ein eller anna form for vondter om vandrar rundt i kroppen. For det meste går det fint å leve med det og aktivitet er med på og lindre. Dette er noko anna. Kiropraktoren jobbar no med å løyse opp låsninga som er i venstre bekkenledd og vonar på denne måten at smertene vidare nedover beinet vil gje seg etterkvart. Det vonar verkeleg eg òg.
lørdag 13. juli 2013
Værdepresjon
Været er det vi snakkar mest om og det vi minst kan gjere noko med. Om sommaren kunne ein til tider ynskje at ein kunne ta fram sola og skru på termostaten og nyte dagane. Men slik er det ikkje og difor må ein gjere det beste ut av det. Enkelt å seie når ein kjenner ar humøret synker og at ein faktisk går rundt og er småsint fordi været er stygt. Det er eit anna utrykk som seier at det finnast ikkje dårleg vær, berre dåreleg klær. Makan til pissprat! Eg har gode regnklede og varme sko, men været blir ikkje noko betre av den grunn!
Ja, eg set her nett no og kjenner at eg rett og slett er lei meg fordi det regner etter tre dagar med eit kjempesupert vær. Skulle ynskje eg kunne sitte i hagen med den nye bikinien og krølle tærne i graset, eller ta på meg kortbukse, singlet, joggesko og ein liten sekk og vandre til ein fjelltopp med sola i nakken. Der vil eg sitte ein time å berre måpe og tenke på kor godt ein har det.
Vel, i dag tar eg rett og slett og reiser ned til Førde og henter apotekervarene eg gløymde i går og går på ein kafè og drikker ein kopp kaffe medan eg ser på menneska rundt meg. Fin aktivitet i dretværet medan ein venter på at sommaren kjem tilbake.

mandag 24. juni 2013
Den beste utgåva av meg sjølv.
"Har lyst å bli ein betre utgave av meg sjølv som då eg var 30-40 år" sa ei dame på 54 år på "Søndagsrevyen". Ei flott dame som vil kvitte seg med rynkene med hjelp av ultralyd. Eg tygger litt på den setninga...."ei betre utgåve av meg sjølv".... Kjenner henne ikkje, men eg synst å høyre ei som har eit ganske så dårleg sjølvbilete som ikkje ser at ho er ei flott dame i sin beste alder. Kan hende ho heller skulle hatt seg eit par timar i prat med nokon som utøver kognitiv terapi. Nokon som kan hjelpe henne med å snu det negative biletet av seg sjølv til det som alle andre ser.
Sjølv er eg no den beste utgåva av meg sjølv. Det har eg vore heile tida sjølv om det har vore berg-og dalbaner i livet mitt. Til tider har eg ikkje likt det eg har sett i speilet, men eg har ikkje hatt noko anna å by fram så eg har levd med det. Først når helsa sto på spel gjorde eg noko med det og fekk hjelp til det. men det var den fysiske delen. Javisst liker eg betre det eg ser i speilet i dag sjølv om eg kan slite med å sjå verdien i meg som menneske etter mange år med dødsslit for å halde hovudet over vatnet. Utsjånaden min kan ikkje hjelpe meg når det indre sjølvbildet vert vrengt og eg ikkje for mitt berre liv kan sjå det andre ser. Ingen ansiktsløft, mageplastikk, vektnedgong, laser, nasekorrigering eller kva ein enn ynskjer kan hjelpe på og like deg sjølv. Det er tankegongen om kva ein sjølv er verdt og kven ein egentlig er som må på plass. Det som var for 20 år sidan var då. Den beste utgåva av meg sjølv er den eg er i dag.

mandag 10. juni 2013
Dikt av Hans Børli
Junikveld
Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen.
Og alt vi ser har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.
Se - skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.
Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
- det er som om noe haster...
Å, flytt deg nærmere inn til meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svimlende kort den stund
vi mennesker er sammen
søndag 19. mai 2013
Smak av sommar
I dag har det vore ein vidunderleg varm dag. har vore i hagen heile dagen med unntak av litt rydding og vasking i entrèen. Det er ei fantastisk kjensle å føle graset mellom tærne og å glede seg til fleire slike opplevingar i løpet av sommaren.
Etiketter:
augneblink,
livet,
lukke,
oppleving,
Været
tirsdag 7. mai 2013
Hjarteliga
Eg er heldig som har to unge venninner som er drar meg opp når eg er nede. Vi går turar og jagar på kvarandre når ein er litt slakk. To av oss drar kvarandre over dørstokken for å symje også.
Det er ikkje berre den fysiske delen av meg som har godt av desse to. Dei er med på å dra fram det unge og levande i meg og gjer til at eg vågar meir å vere jente og kvinne. Ikkje berre ei mor og middelaldrande dame. Filmkveldar, kafèbesøk og berre prate over ein kopp te er gode opplevingar med desse to.
Eg er så glad i desse jentene at eg laga oss like panneband som vi brukar på tur og vi kallar oss for "Hjarteligaen" for her er det eit hjarteleg samvære.
Ser fram til fine turar vidare framover.
Abonner på:
Innlegg (Atom)